1. juni gjekk Emil Christiansen inn som ny konsernsjef i det Göteborg-baserte selskapet som dreiv testanlegg ved Runde.

Waves4Power opplyser at dei no hentar inn meir kapital og går inn i ei ny fase med vidareutvikling. Selskapet skal føreta ei «tilpassing til marknaden sitt behov» for bølgjekraftsystemet som har vore testa ut i Herøy.

– Målet er å halvere kostnaden for systemet, entre marknaden og klargjere for masseproduksjon. Potensielle kundar er identifiserte innanfor segmenta havbruk, olje / gass og avsidesliggande øysamfunn, vert det opplyser selskapet.

Emil Christiansen har hatt leiande stillingar innan fleire industriselskap som har hatt volumproduksjon av både produkt og tenester i globale marknader. Christiansen kjem no frå ei direktørstilling i Toyota Material Handling Europe.

– Eg ser eit enormt potensial i Waves4Power si løysing. Med oss har vi sterke samarbeidspartnarar som deler ein felles visjon og arbeider for at Waves4Power skal bidra til å skape ei betre framtid gjennom å produsere fornybar energi frå havet. Det er fantastisk spennande, og eg er stolt over å få arbeide i et vekstselskap som er med å gjere verda til ein betre stad, seier Christiansen.

I 2017 vart det gjennomført vellukka testar ved Runde av den kraftgenererande bøya som utgjer kjernen i bølgjekraftsystemet. Suksessen vart markert i Fosnavåg, med HM Kong Harald som æresgjest.

No vert det opplyst at løysinga skal forbetrast, at kostnadene skal halverast, og at ein skal førebu masseproduksjon.

Christiansen: – Først emisjon

Fiskå har vore peika ut som produksjonsstad for ein utbetra versjon av «Runde-bøya».

– Vi er no inne i ein fase der vi skal hente 30 millionar kroner, og håpar naturleg nok at norske og sunnmørske investorar vert med på laget. Først etter emisjonen vert det gått over i ein fase med å skaffe kundar. Kundesamansettinga blir avgjerande for kvar det blir produksjon av bøyene, seier Christiansen til Vestlandsnytt.

– Men vert det produksjon på Fiskåholmen?

– Det er framleis for tidleg å seie noko om. Vi må ta dei andre stega først. Men vi er veldig nøgde med arbeidet som har skjedd i Norge, og held alle moglegheiter opne, seier Christiansen.