Voksa-bonden har sendt ei omfattande tilbakemelding/klage på vedtaket som vart fatta i slutten av mai.

Mellom anna heiter det i vedtaket at «andre skremmemetoder» skal nyttast før ein eventuelt skyt grågås.

Har prøvd med kanon

Harøy lurer på kva metoder det skal vere. Ho og mannen har prøvd med kanon, avanserte fugleskremsel og gjerding ned mot havet, men utan resultat.

Ein har trena opp hundar som kan jage grågås – med godt resultat, men slik jaging er ikkje lov med vising til freding og bandtvang.

– På årets løyve ligg det tilføyingar som er heilt urealistiske. Det føreligg ingen økonomisk plan eller ei løysing på korleis ein skal dokumentere effekt av beitemønster og skadeomfang, skriv Harøy i klagebrevet.

Ho stiller seg også spørjande til korleis forvaltinga er med omsyn til den truga fuglearten åkerrikse.

Vil ha eit vedtak som er på bonden si side

I klagebrevet kjem det kritiske merknader til fleire av punkta når det gjeld skadefelling. Harøy syner til reglane om at det ikkje kan jaktast eller skremmast fugl to dagar på rad, at det ikkje kan fellast grågås om det er andre fugleartar i flokkane («det er no stort sett heile tida») og korleis ein kan få vekk grågåsa sidan det er «full freding» straks det kjem åkerrikse til markane.

– Det er lite samanheng mellom ord og handling i vedtaka, heiter det i Harøy si oppsummering. Ho ynskjer at det skal kome eit vedtak «som er på bonden si side».