Herøy kunstlag si kunstsamling har ligge lagra på sanitetshuset Trekløver i fleire år. Førre veke tørka eigaren støv av dei gøymde skattane og stilte dei ut i Ringo sine gamle lokale på Fosnavåg Brygge.

– Vi har hatt veldig mykje besøk! Det var så artig, for vi har ikkje brukt dette som kunstlokale før, seier leiar Monica Endresen i Herøy kunstlag.

I løpet av Sommarfesten fylte publikum tre sider i kunstlaget si gjestebok med namn.

– I tillegg var der sikkert 30 personar som ikkje sette namna sine i boka, seier Endresen.

Fekk med seg bilde

I forkant av utstillinga inviterte kunstlaget representantar frå offentlege institusjonar til å kome og velje seg ut nokre bilde. Desse skulle få hengje på utstilling på ubestemt tid i dei ulike kommunale bygga.

– Det var det stor interesse for. Vi fekk lånt vekk alle bilda – totalt 29 stykke, seier Endresen.

Dei som har lånt med seg bilde er: Myrvåg omsorgssenter, Myrvåg legesenter, Internasjonal skule, Herøy helsesenter og sanitetshuset-Trekløver.

– Alle fekk med seg fleire bilde kvar. Vi har skrive kontraktar med institusjonane, men det står ikkje noko om kor lenge dei skal få behalde bilda. Viss dei ikkje vll ha bilda lenger, kan dei levere dei tilbake til oss, seier Endresen.

Kvart kunstverk er markert med eit lite skilt der det står at dei er utlånte av Herøy kunstlag.

Josefine Spiro