– Før Sumarsamkome vil stranda her i Larsnesvika bli fylt opp med sand. Det ser vi fram til. Det var hjartebarnet til Einar Haugen, dette prosjektet. Han fekk diverre ikkje oppleve det, men vi gler oss alle til å ta stranda i bruk, seier landsbyhovding Øystein Johansen.

Vi står på vestsida av bankbygget på Larsnes. Her skal det nok ein gong opp stortelt, det som vert sjølve utgangspunktet for årets Sumarsamkome. Laurdagskvelden vert det jonsokpub i teltet. Her står mellom anna ølsmaking på programmet.

Arrangementet startar fredag kveld, med ungdomsklubb i Gamlebanken. Der blir det også grillfest, og det er eit alkoholfritt arrangement. Same kveld er det quizkveld i samlingshuset Breidablik.

Opning og jubileum

Laurdagen startar med ei aldri så lita opning. Det kjem nemleg ein eigen aktivitetsbinge på den austre delen av Larsnes Brygge. Under opninga skal det samtundes markerast at Larsnes idrottslag er 80 år i år.

Jonsoklaurdagen held fram med masse aktivitetar i sentrum. Matservering, funballz, kano, «gå planken», blomsterkransar og fantetog er nokre av nøkkelorda. Eit særsyn av eit ord vi aldri før har høyrt, er «jonsoksjåv». Det får folk oppleve tidleg laurdag kveld.

Søndag held det fram med den tradisjonsrike Larsnesmila (løp/marsj). Det vert også historisk landsbyvandring, og denne gongen går turen til Dalen med gardane der som tema.

– Midtsommarfesten på Larsnes har tradisjonar tilbake til åttitalet, då vi kalla det Larsnesdagane. Siste åra har vi kalla det Sumarsamkome. Regien har Landsbyrådet, saman med Larsnes IL, Breidablik, Larsnes sogelag og Gamlebanken Scene, opplyser Øystein Johansen og Rasmus Ekroll.

Trommar saman til stormøte

Dei er to av fleire ringrevar innan frivillig arbeid på Larsnes. Kanskje blir det også slik at landsbyhovdingen får avløysing seinare i sommar, trur hovdingen sjølv.

– Søndag ettermiddag vert det «stormøte» på Breidablik. Her skal vi stake ut kursen vidare, om mogleg få opp ein ny giv lokalt, vi skal sjå Larsnes inn i framtida. Håpet er at folk møter opp i hopetal, seier landsbyhovdingen og ynskjer folk hjarteleg velkomne til Sumarsamkome.

Larsnes Brygge: Del 2 av blokkutbygginga er snart ferdig. På tomta aust for leilegheitsbygget kljem det no ein snerten liten ballbinge, til bruk for ålmenta. Foto: Endre Vorren