Saka gjeld valdtekta av ei kvinne i ei bygd på Gurskøya, som fann stad i eit skoglendt terreng sist sommar. No melder Sunnmørsposten at ankesaka i Frostating lagmannsrett er avbroten og utsett til etter sommarferien. Det er spørsmålet om kvaliteten på tolkinga det er stilt spørjeteikn med.

Ankesaka starta i lagmannsretten 4. juni, og det var under den sjette av sju dagar saka vart utsett.

Ein 39-åring som vart dømd for valdtekt har anka domen. Toandre var fengsla, men begge vart sette fri og reiste heim etter tingrettsdomen i januar. Desse to vart frifunne for valdtekt, men ein av dei vart dømd for ei seksuell handling mot kvinna.

Når det gjeld domen mot desse to, er det statsadvokaten som har anka. Dermed måtte dei to reise tilbake frå Litauen og møte i retten på nytt, i fylgje Sunnmørsposten.

Det vart i lagmannsretten stilt spørsmål frå ein tolk om kvaliteten på tolkinga av politiavhøyr av den hovudtiltalte.