Som dei fleste av våre lesarar kjenner til, er det berre nokre veker sidan vi lanserte vår eAvis. Samstundes innførte vi også betalingsløysing for dei fleste sakene som ligg på nettsida vi etablerte tidlegare i år.

Vi er dei første til å medgje at det var på høg tid at også Vestlandsnytt fekk på plass digitale lesaropplevingar, mange år etter at samanliknbare aviser gjorde det same.

Fleire hundre av dei eksisterande abonnentane har gjennom vår abonnementsavdeling skaffa seg tilgang til dei digitale tenestene. Enkelte er kanskje enno ikkje klar over at om ein abonnerer på Vestlandsnytt, så har ein også tilgang til vår eAvis og alle sakene på nettsida vår, utan meirkostnad.

Det er og mogleg å abonnere på Vestlandsnytt berre elektronisk, og velje vekk papiravisa som i enkelte delar av landet kjem fleire dagar på etterskot. Om ein vel vekk papiravisa blir det også eit rimelegare abonnement.

For oss i redaksjonen er det også gledeleg å registrere at talet på abonnentar formeleg fyk i vêret. Berre dei fire-fem siste vekene har abonnementstalet til Vestlandsnytt auka med over 200, noko vi både er glade for og stolte av. Samstundes indikerer det at flaumen av nye abonnentar er resultat av eit oppdemt behov. Mange har sete på gjerdet og venta på at vi vart digitale.

Motiverande er det også. Det gir oss lyst til å lage ei endå betre lokalavis. Igjen nyttar vi høvet til å takke lesarar og publikum for godt samspel. Gi oss gjerne ris, ros eller tips oss som saker de meiner vi bør stille søkjelyset mot.

Ha ein framleis fin sommar!