Dei spør i feite overskrifter, og når dei ropar i skogen, får dei ikkje svar.

Eg må innrømme at det ser ikkje lyst ut for meg. For badevekta lyg diverre ikkje, den veg til og med på grammet rett. I skrivande stund er heldigvis batteriet flatt i den elektroniske vekta, no kjem det berre strekar på displayet. Eg har ikkje tenkt å skifte batteri med det aller første.

Eg kjem på kvinna som var gift med ein velståande mann. I 40-års gåve ynskte ho seg noko som gjekk frå 0–100 på tre sekund. Draumen om ein raud Porsche fall i grus, då mannen kom heim med ei badevekt. Dei er visst ikkje gifte lenger.

Kven som har funne ut at kroppen vår skal sjå annleis ut om sommaren enn om vinteren, veit eg ikkje. Men det er godt å vite at vi kan sende skroget til ombygging, kva tid som helst. På private klinikkar rundt om i landet, er det topptrena kirurgar. Dei er spenna klare med sylkvasse skalpellar, for å fjerne det vi har for mykje av, eller rette på det som er skeivt.

Har ein for lite ein plass på kroppen, kan dei fylle på med Botox eller silikon, slik at næraste slekta ikkje kjenner deg att.

Men taksameteret går fort, om ein legg seg på benken. Eg gjorde berre ei rask hovudrekning på kva det ville koste og pusse opp mitt skrog. Inkludert i ombygginga er å ta vekk nokre posar under augo, justere ei litt skeiv øyre, og rette ut nasen litt, akkurat før nasetippen. Magefeittet kan dei visst suge ut i ein operasjon. Men kostnaden med ombygginga blir så stor, at eg mest sannsynleg endar i skifteretten. Kva hjelper det med ein prikkfri sommarkropp, når lensmannen tek pant i utegrillen og bilen.

Faren for at folk i min alder blir kondemnert er også til stades, når ein legg eit litt eldre skrog inn til reparasjon. Nei: «En får værra som en er, da’n itte vart som en sku», syng Ole Ivars.

Vi som har levd ei stund, kan heldigvis spøke med dette, vi har sjekka ut frå livets moteshow.

Men for ungdomen er dette kroppspresset blodig alvor. Det er som regel andre som definerer korleis dei unge skal sjå ut. I februar i år skreiv den 16 år gamle Emma Krohn-Dale frå Ålesund eit lesarinnlegg som vekte oppsikt. Innlegget gjorde inntrykk på mange, inkludert meg.

Ho fortalde at ho byrja å gråte i prøverommet hos butikkjeda Bik Bok, då ho skulle prøve ei bukse merka XL (Ekstra stor). Ho fekk ikkje buksa på seg, og trudde det var ho som var tjukk. Men ho ser heilt normal ut, det var Bik Bok som opererte med mindre størrelsar enn andre butikkar.

Saka vart til og med teken opp i Stortinget, og Bik Bok lova på tru og ære å justere storleikane til europeisk standard. Ein har lenge trudd at det er berre jentene som er påverka av dette kroppshysteriet. Men denne veka kunne NRK fortelje om den 21-år gamle Mathias frå Danmark. Han var så misnøgd med overkroppen sin at han hadde spart opp pengar så han kunne ta ein plastisk operasjon, som kosta 22000 kroner. På den måten fiksa han på brysta sine, som han hadde vore misnøgd med sidan han var 11 år gammal.

Det finst ikkje gode tal på kor mange menn som legg skroget inn til ombygging i Norge. Men talspersonar for privatklinikken Aleris, fortel til NRK at talet på menn som tek plastisk kirurgi, har auka frå 30 til 40 prosent.

Det treng ikkje å vere negativt at ein vil rette på ein liten skavank på kroppen sin.

Det er først når kroppspresset gjer folk sjuke og deprimerte, at det er eit samfunnsproblem. Når kroppane på reklameplakatane er uoppnåelege, kan det røyne på for kven som helst. I mine auge ser mange modellar ut som beinrangel, som kan brotne i to kva tid som helst.

Nei, gå ut på badestrendene slik som du er – du er uansett unik.