Formannskapet lyttar til administrasjonen og rår kommunestyret til å halde fast på reguleringa av Solparken i Fosnavåg sentrum. Dermed er det opp til fylkesmannen å avjgere klagen som eigarane av Ekko-bygget har sendt inn.

Klagarane hevdar dei vil misse tre parkeringsplassar når kommunen gjer ei omregulering som medfører at det ikkje blir gjennomkøyring mellom Ekko-bygget og Nordea.

For administrasjonen er det eit viktig poeng at det omstridde område ligg utanfor reguleringsplanen for Solparken, og at det heller ikkje er regulert for parkering tidlegare. At området blir oppfatta som parkering kan skuldast manglande skiltvedtak, heiter det.