-Ifylgje fiskarane står silda spreidd og høgt i vasskorpa, noko som også tidlegare er observert i område der det blir skote seismikk. Dette er utruleg uheldig for dei som driv fiske, seier avdelingsleiar Espen Jacobsen i Fiskebåt.

Det er etter påtrykk frå Fiskebåt at Equinor tek nokre dagars pause i Nordsjøen.

Stansen gjeld for området Oseberg, der ein betydeleg del av fiskeriaktivitten går føre seg akkurat no.

Fiskebåt har saman med Norges fiskarlag og Fiskeridirektoratet hatt i løpet av veka hatt fortløpande kontakt med Oljedirektoratet og involverte seismikk- og oljeselskap for å finne ei løysing på problemet.

-Vi i Fiskebåt er svært nøgde med at Equinor viser ansvarlegheit. At dei no tek ein stopp viser at dialogen mellom fiskarane og oljeselskapet fungerer, seier Jacobsen.