I 1918 vart Norges guttemusikkorpsers landsforbund skipa. Ikkje minst er alle skulekorpsa ein grunnleggjande del i dette samlande og trivselsskapande kulturtiltaket i både by og bygd. Vi er mange som har hatt våre største musikalske opplevingar som korpsmusikant. For oss frå Jøsok og Leikong er det Jøleik som har gjeve oss denne moglegheita til personleg musikkglede. Når denne gleda blir skapt i fellesskap, er ho dess meir verdfull.

Forspelet til eit Jøleik-jubileum

Jubileum gjev elles grunn til feiring og gjenoppleving. Vi som var med i «ur»-Jøleik, har i år eit jubileum som står i ein eigen glans. Det er 60 år sidan Jøleik var på det første landsstemnet sitt. Då hadde det gått knappe fire år sidan vi kom i gang hausten 1954. Severin Støylen lærde oss både å lese notar og blåse lange tonar, så vi kunne opptre i Leikong-kyrkja allereie i jula. Då 17. mai 1955 kom, kunne vi både spele og marsjere samstundes.

Otto Kihle minnest jamvel at Karl Hånes, som frå militæret ikkje var ukjend med marsjering og trommeslaging, gav oss den naudsynte førstehjelpa i taktfast gonge. Det var venteleg marsjen «Guttene kommer» av William Farre som var den musikalske prestasjonen. Etter kvart heldt vi ikkje berre konsertar åleine rundt om i grannebygdene, men vi kunne reise på stemne og møte andre korps. I første omgang var det tale om sonestemne og seinare krinsstemne.

Frå gutemusikk til skulekorps

Men altså i 1958, for 60 år sidan, var vi klare for det store steget: Vi skulle på landstemne i Trondheim. Med flyblå uniformer og båthuver kunne vi måle oss med kven det skulle vere i klesvegen. Og vi fekk fane, der Otto Kihle hadde teikna motivet, ein kornettist i Jøleikuniform som stod på Båtsvikneset og spelar mot bygda. No heitte ikkje korpset lenger «gutemusikk». I god likestillingsånd – vel også skapt av rekrutteringsgrunnar – stod det «Jøleik Skulemusikkorps» på fana. Berre to år før hadde landsforbundet skifta namn til Norges Musikkorps Forbund. Jenter blir med dette offisielt aksepterte som korpsmedlemmer, heitte det i Dagsavisen (19.05.56). Vi skulle også få vår første stemnemedalje, så vi var verkeleg førstereisgutar.

Eventyrturen

For dei fleste av oss drygt 20 Jøleik-musikantane var Trondheimsturen reine eventyrreisa. Dette var mange år før det var eigne bilar i alle heimar. Få hadde vore i Trondheim, og felleskunnskapen om byen var vel først og fremst at der fanst Nidarosdomen, at på torget stod ei heltehøg statue av Olav Tryggvasson, at «Nidelven stille og vakker» rann der og at kanskje nokon hadde høyrt om NTH, den tekniske høgskulen. Leid over jonsok sat vi i den beste bussen til Olav Djupvik, ein Mercedes-Benz, på veg til Trondheim.

Otto kan jamvel hugse at vi kappkøyrde med toget, venteleg i Romsdalen eller på Lesja, og Kjell-Arne Tjervåg (den yngste ur-jøleikaren) minnest stoppen ved Dovregubbens hall ved riksvegen på Dovrefjell. Vel framme vart vi installerte på Byåsen skole.

I byen fekk vi med oss mangt sjåverdig. Det sørgde vår gode leikongtrønder Paul Leirvik for. Eit høgdepunkt var møtet med Hjallis i sportsbutikken hans. Han stod framleis i olympisk stråleglans for dei 3 gullmedaljane sine på skeiser i Oslo-OL i 1952. Paul introduserte han med orda: Her ser de Hjallis i eigen høge person! Hjallis svarte spontant med sitt velkjende glis: Eg er no berre einsyttini (179 cm). Hjallis, eller Hjalmar Andersen, vart sidan også landskjend som ein slagferdig humorist.

Jøleik i samspel på Lerkendal

Det største høgdepunktet var likevel oppmarsjen til felleskonserten som skjedde 29. juni på sjølvaste Lerkendal. Det skal likevel seiast at Lerkendal på den tida ikkje var kjend som det legendariske fotballstadionet til Rosenborg. Stadionet var ferdigbygd i 1947, men Rosenborg hadde hatt tilhald der i berre eitt år og var hadde enno ikkje markert seg i norsk fotball. Denne dagen i dette året kan likevel knytast til fotball. Brasil slo Sverige på dåverande Råsunda stadion i Stockholm og vart verdsmeistrar for første gong! Også vi musikarane på Lerkendal vart eit slag verdsmeistrar. 270 korps frå heile landet med til saman 12 000 deltakarar marsjerte inn på stadion. Det var til då det største korpsstemnet som nokon gong hadde vore arrangert nokon stad.

Adresseavisen hadde det som førstesideoppslag dagen etter. Bror Sverre var gammal nok til å skjøne at vi verkeleg hadde vore med på noko stort, så han kjøpte eit eksemplar som han sidan hadde i sitt eige. Biletet av framsida er prega av tidartanna, men det fortel om den gigantiske oppmarsjen via Torget over Elgeseter bru til Lerkendal. Drygt 3 timar tok det å få alle dei 270 korpsa inn på stadion i 30 graders varme. Langs heile ruta serverte velvillige trondheimarar kaldt vatn til drikke for musikantane som etter kvart vart opplevde innmarsjen halvt eller heilt i svime.

Målet for oppmarsjen var sjølvsagt å halde felleskonsert. Ei særoppgåve som seinare vart skriven om stemnet, fortel at NRK 3. juli same året hadde ein halvtimes radioprogram derifrå. Musikkinnslaga var truleg opptak frå denne felleskonserten:

Om rekkjefølgja var slik, kan eg ikkje hugse, og om vi spelte alle nummera, minnest eg heller ikkje, men at vi alle spelte «Ja, vi elsker», veit eg visst. Eg ser føre meg dirigenten vår, Severin, med takststokk høgt heva i konsentrasjon mot hovuddirigenten. Dette må ha vore ei av dei varmaste og vonleg også mest velklingande framføringane av nasjonalsongen som har skjedd. Sjølv Champions League-hymna som mange år i ettertid har lydd over Lerkendal, må bleikne mot denne framføringa. «Eventyret slutt – Vel blåst», lydde den råkande overskrifta i «Adressa». Avisa orsakar elles at ho har berre åtte spalter til disposisjon, slik at i biletdekninga er ein del av dei 12 000 musikarane klipte bort!

Mat og musikk

Særoppgåva om stemnet fortel også om dei praktiske sidene ved tilskipinga. Det var ikkje lite som skulle til av mat og det som til høyrer. Deltakarane sette til livs:

Dette er altså frå tida før pizza, kebab og taco hadde gjort sitt inntog i den heimlege og ungdommelege matvegen. Det var ikkje akkurat mors kjøtkaker vi fekk servert, men likevel var det spennande og nytt med mat som smakte litt annleis – det var vel saltet det ikkje var spart på i kokamaten. Kor mykje is og brus som gjekk med, var det knapt nokon som har tal på. Men det var venteleg både tonne- og hektolitervis, for stemnedagane frå 27. til 29. juli var velsigna med eit makelaust godvêr.

I ettertid

Årets 17. mai er også avvikla i strålande festvêr med Jøleik og dei andre korpsa i distriktet som hovudaktørar i feiringa. Vonleg blir det mange høve til nye feiringar i korpsrørsla, både når det gjeld åremål og store tilskipingar. Verdsrekorden frå Lerkendal vart elles ikkje ståande så lenge. I 1964 var heile 430 korps med 22 000 skulemusikkorpsmusikar samla på Ullevål stadion. Denne rekorden er framleis gjeldande i Guiness rekordbok. Der var også Jøleik og fleire av korpsa i distriktet.

Det er sjølvsagt stas å kunne skrive om storhendingane som ein var med på som korpsmusikant. Skulekorpsrørsla har sett varande merke etter seg her i distriktet. Det er dei mange ungdoms- og vaksenkorpsa talande døme på. Dei er viktige kulturberarar i ei omskifteleg tid. Det som verkeleg sit att frå korpstida, er at vi fekk oppdage musikken som ei personleg utfordring og ein stimulans som også gav oss høve til å prestere i eit trygt fellesskap framfor eit meir eller mindre takknemleg publikum.

Takk til Kjell Arne som skaffa Jøleik-bileta.