Eigedomsleiaren si orientering om rehabiliteringsbehovet for to skular og eit omsorgssenter gav herøypolitikarane noko å tenke på framfor haustens budsjett- og økonomiplanarbeid. Innan den tid vil eigedomsleiaren også ha tal å legge fram.

Bygningane det gjeld er Bergsøy skule (Borga), Ytrre Herøy ungdomsskule og Herøy omsorgssenter. Felles for alle tre er dårleg teknisk standard, manglande funksjonalitet og ei brannsikring som ikkje tilfredsstiller krava.

Nybygg ikkje tema

Investering i nybygg er ikkje lenger tema for nokon av dei tre, men derimot renovering som kan forlenge levetida med 10-20 år, og som er så omfattande og forpliktande at det kan finansierast som investering. Det var utgangspunktet for eigedomsleiaren si forklaring av behovet.

Ekstra utfordrande

– Behova tilseier eigentleg totalrenovering, men det finst det neppe rom for, forklarte eigedomsleiaren og understreka særleg behova ved Herøy omsorgssenter.

Der framstår brannsikringa som særleg utfordrande, og summen av tiltak vil ifylgje eigedomsleiaren tilseie ei totalrenovering av raud og grøn avdeling med både brannseksjonering og full sprinkling av heile bygninga.

Drastiske tiltak

Omsorgssenteret skil seg òg ut frå dei to skulane med tanke på den praktiske gjennomføringa av ei omfattande rehabilitering. Skulane kan utbetrast stegvis medan dei er i bruk, men det same framtonar seg som vanskeleg for omsorgssenteret.

Myklebust såg nemleg store utfordringar med å gjennomføre så omfattande tiltak utan at pasientane blir flytta ut medan arbeidet pågår. Her såg han føre seg at eit mellombels modulbygg på tomta etter gul avdeling kanskje kunne vere ein måte å løyse det på.

Bad om klare signal

– Er det bygg vi ikkje skal gjere noko med, skal vi totalrenovere eitt eller fleire, og kva skal vi i så fall jobbe vidare med. Vi treng i alle fall veldig klare signal, var eigedomsleiaren sin avrundande bodskap til politikarane.

Må kome med tala

Politikarane kommenterte ikkje så mykje, men Per Kristian Furø ville understreke at administrasjonen må legge nokre tal på bordet før det kan vedtakast noko som helst.

– I dag er vi ikkje i stand til å finansiere nybygg til fleire hundre millionar kroner. Dermed ligg mulegheitene våre i å lage ein langsiktig plan for rehabilitering, understreka han.

– Vi må totalrenovere, på billegast muleg måte, for å få råd til det.

Har vel 30 millionar

Frå før er det avsett i overkant av 30 millionar kroner til dei tre prosjekta, og kor mykje meir det vil vere behov for vil bli klart etter kvart som budsjettbehandlinga nærmar seg.

– Førebels er dette veldig lausleg, og vi har enda ikkje fått gjort noko grundig vurdering av kostnadene, understrekar rådmann Kopperstad i etterkant av eigedomsleiaren sin presentasjon på budsjettkonferansen.