Bergsøy leverte ein solid 1. omgang borte mot Hareid fredag kveld. Martin Søvik Røren Sørga for at Bergsøy fekk ei komfortabel 1-0 leiing til pause.

- Vi var klart best i denne omgangen og fortente verkeleg 1-0 leiinga, og det kunne fort blitt endå fleire mål, seier Bergsøy-trenaren, Toni Sandanger.

2. omgang baud på litt meir utfordringar for Bergsøy, men ikkje meir enn at dei haldt tilbake for det Sandanger beskriv som eit frisk heimelag.

- Vi slurvar litt med pasningsspelet, men alt i alt spelar vi ein jamn omgang og får nok eit fortent mål i frå Franjo Tepuric som scorar på straffe. Eg vil også nytte anledninga til å skryte av Hareid. Det er mykje positivt på gang i det laget. Dei kjem til å sparke godt ifrå seg i tida framover, seier Toni Sandanger.

Alt i alt ser Bergsøy-trenaren på det heile som ein vellukka bortekamp.

- At vi vinn på bortebane er utruleg viktig og samstundes ser vi at det harde arbeidet betalar seg. Vi er ganske solide. Spesielt vil eg rose karane for eit glimrande defensivt spel i dag.

Sandanger nytta også høvet til å takke dei kring 130 Bergsøy-supporterane som møtte opp for å heie.

Siste heimekamp før sommaren

I neste veke tek Bergsøy imot Sykkylven på heimebane, noko som blir den siste heimekampen før sommarferien. Sandanger og resten av troppa håpar på stort oppmøte.