Nok ein gong går Sparebanken Møre og Larsnes IL ut med invitasjon til å delta på fotballskule. I år skjer det 14. - 16. august på Larsnes stadion.

Det er born og ungdom i alderen 6-13 år som kan delta. Fotballskulen går over tre dagar, med variert innhald.

Det vert teknisk trening, spel, merketaking og kamp. Om det er nok påmelde vert det også eiga gruppe for keeperar.

– Det vert servert mat og drikke kvar dag, og på avsluttingsdagen slår vi til med grilling, seier primus motor Aadne Sandanger, som har ein fot både i banken og LIL.

Til skulen høyrer også ein populær pakke med T-skjorte, fotball, kampbillettar til Hødd og AaFK og diverse anna spanande. Men det er sjølvsagt først det sosiale og læringsmessige som står i sentrum når ivrige jenter og gutar samlar seg til fotballskule på Larsnes.

Nok ein gong varslar arrangøren at det vert vitjing frå fotballstjerner frå Hødd og AaFK, klubbar som også er i Sparebanken Møre sin «stall».