Gjermund Bringsvor og Ole Sande i GO Group vil saman med andre interessentar byggje ein firemannsbustad i det kommunale bustadfeltet på Sandsøya. Målsettinga er å vere i mål med prosjektet i 2019..

– Med kommunal velvilje vert det oppstart i 2018, seier Ole Sande i GO Group.

Han og makker Bringsvor er medeigarar mellom anna i Sandefisk på Sandsøya. Gjennom rekruttering av tilsette har det synt seg at bustadspørsmålet er ei lita «nøtt» lokalt.

Det er også viktig for krinsen å ha nok husvære til folk som ynskjer å etablere seg. Som kjent er skulen på øya truga med nedlegging.

– Vi har vore i møte med ungdomane på Sandsøya som har iverksett eit lokalt lyft, og vi har møtt Sande kommune. Det verkar positivt. Vi vil også i dialog med næringslivet elles, seier Sande til Vestlandsnytt.

Planen er å setje opp ein ny type firemannsbustad i to etasjar, og leilegheiter med to til tre soverom. Sandefisk vil kjøpe ei eller to av leilegheitene, og to vert truleg til utleige.