I ein søknad om midlar frå det kommunale næringsfondet heiter det at «Inn på tunet»-garden nørst i Gjerdsvika ventar vekst på fleire frontar.

– Bøen Gard ynskjer å ta i bruk alle moglegheiter og ressursar som tilleggsnæringane «Inn på tunet» og «gardsmat», i lag med det tradisjonelle sauehaldet, samla gir til gardsbruket, heiter det i søknaden.

Parallelt er det inne ein søknad til Innovasjon Norge som ikkje kan behandle saka før neste år.

Volumet for gardsmatproduksjon har no blitt så stort at ein må utvide produksjonslokala for å dekke etterspurnaden. No ynskjer ein mellom anna å oppgradere tørkerommet til også å bli produksjonslokale.