På årets fire første månader er det utbetalt 3,2 mill. kroner i sosialhjelp i Herøy kommune. Sosialhjelpsutbetalingane har dermed allereie passert halvparten av det som blei utbetalt på heile året i fjor. Tilsvarande til same tid i fjor var 1,8 mill. kroner.

Med tilsvarande utbetalingar resten av året varslar økonomileiaren at det fort kan ende med eit meirforbruk på seks millionar kroner i høve til dei årsbudsjetterte sosialhjelpskostnadene.

Burde bruke mindre

Også dei andre avdelingane har brukt ein god del meir pengar enn dei skulle ha gjort etter kalenderen. Økonomileiaren Geir Egil Olsen peikar difor på at det kan gå mot eit meirforbruk på opp til fem millionar kroner før året er omme. I fjor brukte dei same avdelingane vel 3 mill. kroner mindre enn dei hadde budsjett til.

– Aller helst bør vi bruke mindre enn budsjettet då vi har budsjettert med bruk av fond på heile 11 millionar kroner for å få budsjettet i balanse, kommenterte økonomileiaren.

Trur på utjamning

Pleie- og omsorg har eit avvik på vel to millionar kroner etter fyrste tertial, men kommunalsjef Renathe Rossi Kaldhol hadde likevel eit håp om å kome i balanse innan utgangen av året.

Same håpet og trua hadde Sølvi Lillebø Remøy for oppvekst. Ho forklarte mykje av overforbruket så langt med periodiseringsmessige forhold når det gjeld tilskot og refusjonar.

Influensaeffekt

Sjukefråværsrapporten for fyrste tertial viser eit samla fråvær i den kommunale organisasjonen på 10,94 prosent.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad viste til at det ikkje var enkelt å finne gode forklaringar på auken i fråværet, men peika på influensaen som råka både skulane og andre i fyrste tertial som ei mogleg årsak.

Uansett årsak var fråværet 2,33 prosentpoeng høgare ved utgangen av april i år enn ved same tid i 2016. Fråværet hadde stige mykje også i høve til 2017.

Store variasjonar

Auken i sjukefråværet er gjeldande for dei fleste avdelingar, men variasjonane er store. Også for oppvekst er fråværet høgare enn nokon gong, men ifylgje kommunalsjef Lillebø Remøy er det for hennar sektor gjort ein del grep som truleg vil føre til betring.