Dei siste 14 åra har verftet i den vesle verftsbygda ytst i Sognefjorden vore ein del av Havyard-konsernet i Fosnavåg. Konsernsjef Geir Johan Bakke seier det er fascinerande å sjå tilbake på historia frå alt starta i 1918.

Trillebårer og turbinar til småkraftverk var det fyrste grunnleggaren starta med å bygge i 1918. 20 år seinare blei den fyrste båten frå Løland Motorverksted levert. Etter det har verftet bygd 132 fartøy og har 14 i ordreboka.

– Verftet har utruleg mykje å seie for Havyard Group. Utvikling og testing av ny teknologi gjer at vi i dag kan levere dei mest effektive og miljøvenlege løysingane til ferjene vi bygger for Fjord1. Dette er berre starten på kva som vil kome, seier Bakke.

Livsnerven

Ordførar Morten Askvik i Hyllestad kommune gratulerer med jubileet og kallar verftet sjølve livsnerven i Hyllestad-samfunnet.

– Verfet er i særklasse den største private bedrifta vi har, og vi er stolte av å kalle verftet for vårt, seier han.