Det skjer i samband med ein søknad om fornying av løyvet til persontransport med fartøy i rute.

– Pendlarruta i Sande gjer det lettare for dei arbeidsreisande i kommunen slik at desse kan arbeidspendle inn til kommunesenteret frå øydelane av kommunen og omvendt. Ruta er av den grunn viktig for arbeids- og næringslivet i Sande.

Det skriv saksbehandlar Geir Olsen i fylkeskommunen til saka som var til behandling i samferdselsutvalet onsdag.

Olsen syner til at det ikkje er endringar i rutestruktur sidan sist selskapet (Sande Båtutleige AS) fekk løyve. Det er heller ingen innvendingar mot at eit nytt løyve vert tildelt.

Det er ambulansebåten «Ambu» som også fungerer som pendlarbåt. Det var i samband med klassing av båten at det kom fram at selskapet sitt ruteløyve faktisk var forelda.

– For snarast å kunne bringe dette i orden slik at fartøyet kan halde fram med rutedrifta, søkjer selskapet no om fornying av løyvet, heiter det til saka.

«Ambu» har vore stasjonert som ambulansebåt i Sande i rundt 35 år. Sjølve ambulansedrifta er det Helse Møre og Romsdal som står for. Båten er sertifisert for 30 passasjerar. Det var ifylgje samferdselsavdelinga i 1999 at eit prøveprosjekt vart igangsett, med rute frå Kvamsøya til Larsnes. Bakgrunnen då var å betre båten sin økonomi.

– Båten vart tilpassa dei største arbeidsplassane i kommunesenteret og er slik ei stor lette for pendlarane i kommunen, skriv fylkeskommunen.

Etter det vi kjenner til, er det hovudsakleg til Brimer AS på Kvamsøya folk arbeidspendlar utover. Innover er er det pendlarar som er tilsette mellom anna i kommunen og på Larsnes Mek. som nyttar pendlarbåten, men også frå og til andre arbeidsplassar. Også skuleelevar nyttar pendlarbåten.

Det er fire eigarar av Sande Båtutleige AS, der alle har hand om ein fjerdepart av selskapet: Petter G. Gunnarstein, Anita Solvang Ristesund, Brimer Holding AS og Beitveit Havfiske AS.

Samferdselsutvalet gav nytt løyve til persontransport i 10 år framover.