– Vi utryddar biedøden med protesttog gjennom Sande kommune.

William Reite Kein løftar ein heimelaga plakat der det er avbilda ei humle med blokkbokstavane «LA HUMLA FÅ SUSE». Han og dei andre 7.-klassingane rundt oss stemmer i eit skikkeleg protestrop, eit rop som i grunnen kom på rein improvisasjon.

– Kva vil vi ha? BIENE.

Bergsøy-elevane er på veg til Rådhuset i Sande, sjølv om dei ikkje veit heilt kvar det er.

Elevar med gjennomslagskraft

Elevane har allereie fått gjennomslag i Herøy om å få kommunen til å vente med kantslåtten til september. Dette er eit tiltak for å hindre biedød, eit skuleprosjekt elevane har jobba med i lengre tid. Men denne gjengen nøyer seg ikkje berre med Herøy kommune når dei fyrst er i gang.

– I dag har vi besøkt Vanylven og vi er veldig glad for å høyre at dei har vedteke å utsette kantslåtten der også. No står det berre att å sjå kva Sande gjer, seier William.

To andre som går i toget er Sofie Sørdal Brekke og Melisa Syuleyman.

– Vi var for treige med å gjere noko med plastforsøplinga, men når det kjem til biene har vi framleis tid til å redde dei, fortel Sofie.

– Eg trur det kan hjelpe å demonstrere for då trur eg fleire blir oppmerksame på problemet, seier Melisa.

Brev til ordføraren

På rådhuset venta ordføraren i Sande, Dag Vaagen, på elevane. Då dei kom gjekk tre elevar fram for å overrekke ordføraren eit brev som dei også las høgt for alle saman. Kort og greitt bad dei Sande utsette kantslåtten på kommunale vegar då dette er ei livsviktig næringskjelde for bier og humler.

Vaagen rosa elevane for engsjementet dei har skapt og den mediedekninga dei har klart å fått til.

– De har teke på dykk eit veldig viktig oppdrag. Bevisstgjering kring biologisk mangfald er viktig og noko som kan bli gløymt av og til.

Så kom Vaagen til brevets oppmoding.

– Vi i Sande har litt ubevisst allereie tatt litt omsyn til dette då vi ikkje alltid har midlar til å slå meir enn ein gong, men uansett skal vi love dykk at vi skal sjå på dykkar oppmoding og gjere vårt beste for å innrette oss etter det de ber fram, avslutta Vaagen og takka for engasjementet.