– Vi lagar alt ifrå gardiner, dukar, sjal og handdukar og så vidare. Det er berre fantasien som set grenser.

Opp ei trapp og forbi nokre tende stearinlys på den gamle skulen i Haugsbygda finn vi «Haugsbygda vevstove». Tre damer, som har gjort det til hobby å møtast regelmessig for å veve, sit rundt eit bord. Kring oss står vevstolar, og på dei ligg dei vakraste vovne teppe og dukar, alle med forskjellige fargar og mønster.

– Det starta vel rett etter skulen vart lagt ned og vi blei einige om å gjere eit av romma om til ei vevstove. Dette var i 2003 og sidan då har vi halde på, smiler Gerd Solheim.

Saman med Inger Lise Gjerde, Vigdis Sande, Elisabeth Ellingsen og Else Hasund utgjer dei vevklubben i Haugsbygda. Dei har også fått rikeleg rettleiing med Inger Hasfjord og Kari Holkestad frå Fosnavåg.

Lyftar fram vevtradisjonen

Damene har som mål å lyfte fram tradisjonen kring veving.

– For oss er dette ein kunst som vi ikkje vil skal forsvinne. Derfor er det viktig for oss å vise at veving er mykje anna enn berre åkle (veva veggteppe), forklarar Gjerde.

Vi spør damene om kvifor akkurat veving er det som opptek dei, og til det svarar dei:

– Her er det mykje fliring og vi har det utruleg sosialt i lag, smiler dei tre til kvarandre.

– Vi vil også gjerne få lov til å invitere fleire med i fellesskapet. Om der er folk i området som brenn like mykje for kunsten, eller berre har lyst til å vere med å lære må dei gjerne det, smiler damene.

Besøk frå Melhus

Akkurat i det dei har svara på spørsmålet kjem det inn eit bussfølgje av damer inn i lokalet, alle iført blå t-skjorter med vevstol-figurar på. Dei høyrer alle til bygdekvinnelaget på Kvål og har reist vegen frå Melhus for å blant anna å besøke vevstova i Haugsbygda.

– Vi er på vår årlege vårtur og skal besøke ulike vev-fellesskap rundt omkring og såleis er det kjekt å kome hit og utveksle erfaringar, forklarar ei av dei besøkande, Inger Johanne Ofstad Heggvik.

I lokala får dei fjorten damene omvising, og fleire er imponerte over kva som vert produsert av haugsbygdingane.

– Det er akkurat dette vi synest er kjekt med veving, å samlast, utveksle erfaringar og vere sosiale saman, avsluttar «vevkjerringane» i Haugsbygda