Det seier dagleg leiar Roar Aasen om sommaraktiviteten ved Fosnavåg Pelagic. Dei siste dagane har filetmaskinene gått for fullt, men helst hadde Aasen sett at ventetida mellom kvar båt var noko kortare. No er det nordsjøsild det går på, og det fiskeriet har vore skuffande dårleg så langt i sommar.

– Båtane finn ikkje fisken, og då får vi berre rette oss inn deretter, seier Aasen.

Men denne veka har vore bra, med fem sildefangstar på to-tre dagar og ein seinotfangst attåt. Under 600 tonn sild på fem fangstar fortel om eit fiskeri som ikkje er det heilt store.

Mange, men små fangstar

Dette inntrykket blir stadfesta frå Norges sildesalslag, som på dei fire fyrste dagane denne veka har omsett til saman 11.676 tonn nordsjøsild fortelt på 131 fangstar. Mange fangstar, men snitten er ikkje høgare enn under 90 tonn på båten. To av båtane som leverte i Fosnavåg denne veka hadde ikkje meir enn rundt 50 tonn.

Førre veke blei det fiska til saman 15.800 tonn fordelt på over 220 delinnmeldingar.

– Så ein kan trygt seie at det er teke mange kast på nordsjøsilda, og at samlinga på silda har vore dårleg, seier salsleiar Kenneth Garvik på sildelaget i Bergen.

Lite gunstige forhold

Garvik viser til at nordlege vindar, til dels med kuling, har prega Nordsjøen den siste tida. Dette er ei vindretning som hemmar fisket. Båtane har hatt hovudfokus på å fiske i norsk sone, på dei kjende felta frå Patchbanken i sør og vidare nordover til Osebergfeltet. Fisket i EU-sona har gått føre seg rundt 40 nautiske mil søraust av Shetland.

Uvanleg vêr

Ved Fosnavåg Pelagic håper dei vêret kan roe seg og at det blir jamnare fiskeri dei to vekene som kjem.

– Storm i Nordsjøen er ikkje vanleg til midtsommars å vere, seier Aasen.

All sild som blir landa i Fosnavåg går til filetproduksjon for dentradisjonelle europeiske marknaden. Mesteparten går til Tyskland, Polen og Frankrike, i tillegg til Aust-Europa.

– Etterspørselen har vi opplevd betre, men akkurat no har vi ein periode med fin feittprosent på silda. Nokre kundar etterspør nettopp denne kvali- teten, seier Aasen.