– Der har vore ein del fokus på at gutar og menn kan vere smitteberarar av humant papillomavirus (HPV), men det er ikkje alt. Dei kan også få infeksjonar. I dei fleste tilfella vert ein ikkje sjuk, og infeksjonen går over av deg sjølv, seier helsesyster Kari-Mette Runde Eide i Herøy kommune.

Men ein langvarig HPV-infeksjon kan føre til kreft i munn, svelg og endetarmsopninga hos begge kjønn, samt penis hos menn. Desse kreftformene skuldast i all hovudsak HPV-typane 16 og 18, som vaksinen beskyttar mot, opplyser Folkehelseinstituttet.

– Førekomsten av kreft i munn og svelg blant menn er aukande, og rammar fire gongar så hyppig hos menn som hos kvinner, skriv Folkehelseinstituttet på sine nettsider.