Norske sjuandeklasse-jenter har fått tilbod om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet sidan 2009.

– Sidan november 2016 har også kvinner fødde i 1991 eller seinare fått tilbod om gratis vaksine, men det varer berre i to år. Det betyr at ein må byrje på vaksinen innan utgangen av 2018, seier helsesyster Kari-Mette Runde Eide ved Helsestasjonen for ungdom (HFU) i Herøy.

Vaksinen består av tre dosar. Det er berre den første som må bli sett i år.

– Der kan førekome biverknadar på same måte som med andre vaksinar. Den vanlegaste er at ein kan bli litt øm og stiv der sprøyta er sett, fordi musklane kan bli irriterte av stikket. Ein kan også kjenne seg litt slapp og uvel og kanskje få litt feber til kvelden. Men det er ufarlege, små biverknadar, og eg føler at vi har hatt få tilfelle av dei, seier Eide.

Beskyttar mot farlege virus

Der finst ei rekkje ulike typar HPV-virus, og alle er seksuelt overførbare.

– Vaksinen beskyttar mot type 16 og 18. Desse to er ansvarlege for meir enn 70 % av livmorhalskreft-tilfella. Det er difor sterkt anbefalt at ein følgjer livmorhalsprogrammet, med sjekk kvart tredje år, sjølv om ein har vaksinert seg, seier Eide.

HPV-infeksjonar er ifylgje helsesystera nokså vanleg.

– Men i dei fleste tilfelle vert ikkje folk sjuke, og infeksjona-

ne går over av seg sjølve, seier ho.

For dei som vert sjuke, kan elles konsekvensen bli alvorleg.

– Det er så mykje vi ikkje kan beskytte oss mot. Kreft er noko som rammar veldig mange, enten ved at ein får det sjølv eller kjenner nokon som har det. No kan vi faktisk beskytte oss mot ei kreftform, og det er så fantastisk. Vi anbefaler at ein tek vaksinen sjølv om ein har debutert seksuelt, seier Eide, før ho understrekar at vaksinen sjølvsagt er heilt frivillig.

Drop in på HFU

HPV-vaksinen vert gitt i HFU si opningstid, måndag ettermiddag. Ein treng ikkje å bestille time på førehand.

– Vi held stengt i skuleferien, men når det er stengt, kan ein ta kontakt for avtale, opplyser Eide.