Onsdag morgon blei Sommarfesten 2018 sparka i gang i Fosnavåg. Då var det outlet med sal av klede i festivalteltet på allmenningskaia.

På kveldstid blei der laga til ein lang catwalk i teltet og folket strøymde til. Heilt fullt var det ikkje, men det var ikkje mange sitteplassane igjen heller.

Flotte modellar viste oss kva som er på moten for tida, både når det kjem til hårfrisyrar og på klesfronten. Om ein skal velje eit stikkord for kva som er på moten for tida er det nok naturleg å trekke fram dei rolege pastellfargane og dei fargesprakande kleda.