- Av dei 81,4 millionane, går 71,3 millionar kroner til ordinære anlegg og 10,1 millionar kroner til nærmiljøanlegg, fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding .

Ingen i Sande har fått midlar, men anlegg i Herøy har får tildelt litt over 7,4 millionar kroner samanlagt.

5,7 millionar til Sunnmørsbadet

Sunnmørsbadet er det anlegget som stikk av med den største summen. Dei får tildelt heile 5,7 millionar kroner. Dette er ei gladmelding, fortel dagleg leiar.

- Dette er kjempeflott. Dette betyr ganske enkelt at Sunnmørsbadet AS reduserer gjelds vår med 5,7 millionar, noko som naturlegvis er positivt, seier Karl Petter Sortehaug.

Pengar til klatrepark og klubbhus

I tillegg til Sunnmørsbadet får også eit anna ordinæranlegg i Herøy ei milliongåve. Bergsøy IL får nemleg tildelt litt over 1,4 millionar kroner til Klubbhus.

Klatreparken i parken får også den rette sum av 300 000 kroner.

118 søkarar får tilskot

Møre og Romsdal har den 7. høgste tilskotsramma i landet, og fekk i alt 288 spelemiddelsøknadar. Av desse vart 233 godkjent, og i dag vedtok kultur- og folkehelseutvalet å gi støtte til 118 av søknadane. Vedtaket er mellom anna basert på politiske prioriteringar, innspel frå kommunane og fylkesanleggsrådet.

Over 12 prosent av totalsummen går til 43 søknadar på nærmiljøanlegg, som er meint å vere allment tilgjengelege og for eigenorganisert fysisk aktivitet. Av dei 75 søknadane på ordinære anlegg er 67 nye og 8 anlegg som har finansiering over fleire år. Ordinære idrettsanlegg er i hovudsak knytt til konkurranse- og treningsaktivitet for idrettsorganisasjonane.