Søndag er det tid for å finne fram til si indre sjelero. Då gjestar nemleg «yoga-bestemora», Leigh M. Baily, Fosnavåg sentrum for å halde ein yogatime i Parken.

78 år og rik på erfaring

Den 78 år gamle kvinna held til i den vesle byen Northampton i delstaten Massachusetts i USA. Ho har drive med yoga i over 30 år, og har vore instruktør i om lag 20 av dei.

I motsetnad til mange andre, trappa ho opp aktiviteten då ho vart pensjonist, ettersom det vart meir tid til det ho elska å halde på med. Den siste tida har ho elles jobba frivillig med å undervise ei yoga-klasse som inngår i eit program for menneske som er under rehabilitering etter kreft.

– Vi pustar masse, men står aldri på hovudet. Eg føretrekkjer framleis å stå på hovudet, seier Leigh.

Om det vert noko «folk flest» vert bedne om å gjere i Parken på søndag er heller tvilsamt. Uansett gler bestemora frå USA seg til å instruere nordmenn for aller første gong.

– Heilt konge

Det er Aktiv trening Herøy som har enggasjert Leigh til å halde ein yogatime.

– Ideen oppstod då ein av våre tilsette fortalde om si spreke, amerikanske bestemor, som skulle kome på besøk. Då vi høyrde at ho i ein alder av 78 år dreiv med yoga, var tanken om eit kurs på sommarfesten tent. Dette blir heilt konge, seier leiar for Aktiv trening Herøy, Siv Berge Hoff.

Yoga kjenner ingen alder

Berge Hoff fortel at motivasjonen bak arrangementet er å vise at yoga ikkje har noko øvre eller nedre aldersgrenser.

– Vi vil at våre kundar skal få lov til å oppleve yoga, då dette ikkje er eit tilbod vi har elles. Litt av tanken er å vise at ein kan drive med yoga også i vaksen alder.

Vêravhengig lokasjon

Aktiv trening Herøy håpar på at det blir finvêr for då blir kurset etter planen halde i Parken i Fosnavåg. Men om regnet likevel bestemmer seg for å skylje ned, vert yogatimen flytta til Aktiv Trening Herøy sine lokale.

Berge Hoff oppmodar alle om å kome. Ein treng ikkje vere medlem. Berre finn fram ein handduk eller ei matte og gjer deg klar for å tøye muskulaturen med «yoga-bestemora».