Super sommarhelg!

Årets versjon av midtsommarhelga gjekk av stabelen på Kvamsøy i helga.
Nyhende

Det heile starta på fredag med leikar og moro for borna. Ina Breivik og Ørjan Liavåg (Margot og Leif Per) hadde eit forrykande show som fekk fram latteren hos dei fleste i teltet ved ferjekaia denne kvelden. Kvelden vart avslutta med dans av Odd Kåre Fløtre.

På laurdag starta dagen med sykkeltur rundt øya i flott sommarver. I teltet heldt underhaldinga fram med ulike standar med utstillingar, bading for borna, og planke-quiz. Inne i teltet sørga Øyklang og Storblåsarane for god stemning blant publikum. Omlag 500 publikumarar var innom festivalområdet denne helga.

Laurdagskvelden var det dans med gruppa Livin West.

Ei flott helg, som samstundes markerte Kvamsøy IL sitt 50-årsjubileum, var til endes.