– Det vil styrke innbyggjarane si interesse for – og skape engasjement i – korleis kommunen vert styrt, skriv Einar Ekroll og Sande Venstre i eit brev til kommunen.

Som bakgrunnn for tilnærminga syner Ekroll til demokratiet, men at det er få veljarar som er medlemer av politiske parti eller som engasjerer seg aktivt i politiske prosessar.

– Trass i at partia signaliserer eit sterkt ønskje om fleire aktive medlemmer, og at einskilde saker skapar stort engasjement i tradisjonelle og sosiale media, er det likevel eit fåtal av veljarane som tek seg tid til å være tilhøyrarar på møte i folkevalde organ, heiter det i innspelet.

Ekroll, som er Venstre sin einaste representant i kommunestyret, meiner større openheit bør prege politikken.

Er heilt vanleg

– Vi meiner at openheit skal prege politikken. I høve viktige saker komande året vil Sande Venstre at kommunen tek eit stort steg i å integrere veljarane meir i folkestyret gjennom direkte overføring av bilde og lyd i frå kommunestyret, skriv Ekroll til kommunen.

I innspelet vert det synt til at teknologien finst, og at slike direkteoverføringar vert nytta i nær sagt alle nabokommunane.

(Til dømes har Herøy kommune i fleire år hatt direkteoverføring frå kommunestyremøta, red. mrk)

Sande Venstre lanserer eit konkret framlegg til vedtak. Det går innleiingsvis ut på at ny teknologi gir folk høve til å følgje med på møte og avgjerdsler sjølv når ein ikkje fysisk er til stades.

Vidare vil ein be rådmannen om å setje igang ein prosess for å få direktesendingar, både i kommunestyre og formannskap. Målet skal i fylgje Ekroll vere at slike direktesendingar kjem snarast råd, og seinast til hausten.

Kan gjere det sjølv

Om kommunen skulle vende tommelen ned til forslaget, har Sande Venstre ei anna moglegheit:

Då ber nemleg Ekroll & co om løyve til sjølve å starte prøvesendingar frå hausten. Då føreset ein at ein får tilgang til fiberkabel med god kapasitet, utan andre kostnader for kommunen.

Det har også tidlegare vore ytra ønskje om direktesende politiske møte i Sande, men utan at det har resultert i noko.