Vi var ein gjeng med bestevenner som spela med kvarandre, og så vart det litt tull og tøys på ei øving. Då var det ein som sa at om vi blei eit band så burde vi heite «Ufokusert» fordi vi var så ufokuserte. Så synst vi det var veldig morosamt, og det blei slik. Men Emma her er sjefen som held mest fokus, smiler Henrik Stave (17) frå Ulsteinvik.

Han har spela i ti år.

– Det er det beste eg veit. Å spele i lag med andre er det som gjer meg glad, seier gitaristen frå Ulsteinvik. Emma Sævik nikkar og tenkjer tilbake på korleis det heile starta. Dei fem bandmedlemene møtte kvarandre då dei byrja i same klasse på musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

– Vi spela på juleballet på skulen, og har spela saman etter det, seier Herøy-jenta Emma Sævik (17).

I tillegg til Emma og Henrik, består bandet av Ludvik Brune Leikanger (17) frå Larsnes og Marius Osborg frå Ørsta (17), som begge spelar bass og trommer, og Svenning Veiseth (17) frå Brandal på tangentar.

Har eigen låt på lur

Bandet spelar mest coverlåtar, men har også noko eige på lur fredag kveld.

– Vi får inspirasjon frå blant andre bandet «The Nineteen Seventy Five» og radiokjende låtar - ein miks av rock- og pop-musikk som får folk til å smile. Men det vert også urpremiere på ein eigen låt til sommarfesten. Den handlar om livet og utfordringar. Men låten har ikkje noko tittel enda, smiler Sævik.

Vil bli etablerte

Emma har eit sterkt ønske og eit mål om å få etablert bandet, men det må skje på fritida – som allereie er ganske fullbooka.

– Fritida mi går med til dans og song, og det kan gå utover skule at eg prioriterer band, dans og musikk. Men vi har som mål å produsere eige materiale og etablere oss som eit skikkeleg band, seier ho.

Og sommarfesten er no ein god start.

- Vi gler oss. Eg trur det vert særs bra, og vi satsar på mykje folk og god stemning, avsluttar Emma Sævik.