Bustyrar Thore Heggen hadde registrert til saman 113 krav då fristen for å melde krav til konkursbuet i Sunsea As gjekk ut. Selskapet blei teke under handsaming som konkursbu ved Søre Sunnmøre tingrett 23. april etter krav frå Hafslund Tellier As.

Ikkje dekning til usikra

Medrekna kravet som utløyste konkursen, som var på vel 1,6 millionar kroner, har det i etterid kome krav til buet på til saman 41,7 millionar kroner. Av dette utgjer pantekrava 23 millionar kroner, der Innovasjon Norge har det største kravet på nær 15 mill. kroner.

Sunnsea Seafood As har sett fram eit pantekrav på fem millionar kroner.

Tre tilsette har meldt fyrsteprioritets lønskrav på 121.337 kroner for løn dei ikkje har fått dekka gjennom NAV sin lønsgaranti.

Bustyrar Heggen slår fast at det ikkje kan påreknast dekning til dei usikra kreditorane gjennom bubehandlinga. Det ligg ikkje føre opplysningar som idikerer at buet vil bli tilført verdiar som kan gå til fordeling mellom kreditorane.

Ikkje noko straffbart

Når det gjeld mulege straffbare forhold har det ifylgje bustyrar ikkje kome fram opplysningar om forhold som tilseier melding til påtalemakta av nokon involverte i selskapet si verksemd, men vurdering av dette vil bli gjort ved avslutting av bubehandlinga. Då vil det og bli vurdert om involverte i selskapet skal ileggast konkurskarantene.

Bustyraren er kjend med at involverte i selskapet si verksemdhar hatt roller i selskap som har vore underlagt konkursbehandling.

Samansett årsaksbilde

Sunsea As blei stifta i 2008, og vidareførte verksemda til Sunnmøre Seafood As då dette selskapet gjekk konkurs i 2012. Året etter investerte Sunsea i røykeri, noko som skulle vise seg å bli kostbart etter at lakseprisen fall til det halve. Dette medførte behov for tilførsel av ny kapital hausten 2016.

Seinare same året fekk selskapet avgrensa høve til produksjon og sal av frosne produkt etter at det blei påvist listeria ved røykeriet. Denne situasjonen la band på mykje kapital, men etter bekjempande og førebyggande tiltak var verksemda likevel godt rusta ved inngangen til 2017.

Det såg lyst ut for 2017, men diverse prosessar rundt ein av selskapet sine leverandørar på vårparten medførte likevel problem.

Problem medMattilsynet

På sommaren blei Sunsea kontakta med spørsmål om å gi bistand til eit selskap i Danmark som hadde fått omfattande problem med hurtig fiskedød. Dette skulle vise seg å bli fatalt etter at Mattilsynet greip inn.

Etter vurdering frå Mattilsynet vart det lagt til grunn at fisken ikkje var slakt i medhald av danske reglar. Sjølv om Sunsea meinte laksen var eigd av danskane, blei Sunsea fråteken godkjenninga for foredling av laks, røykeri og pelagisk foredling ved anlegget. Dette medførte ein fire månader lang stans og eit berekna tap på 15,5 mill. kroner.

Medan Mattilsynet meinte Sunsea si rolle var økonomisk motivert, heldt Sunsea fast på at det ikkje var tale om anna enn leigeproduksjon.

Dette tapet førte til at Sunsea sin finansielle situasjon var svekka då dei fekk tilbake godkjenninga seinhaustes 2017. Freistnaden på å få til ein frivillig akkord førte ikkje fram og konkurs blei opna nokre månader seinare.