Dette er Havyards fyrste ferjedesign av i alt tolv for Fjord1. Skroget dei sjøsette i dag er ei av tre Havyard 936 batteriferjer som skal gå mellom Hareid og Sulesund. Ferje nummer to vert sjøsett om ein månad, og begge skal leverast i slutten av 2018 og vere klare til oppstart på ruta 1. januar, heiter det i ei pressemelding.

Skroget til ferja er bygt av Cemre Shipyard i Tyrkia. Ferja skal kunne frakte 120 bilar.

Levert etter plan

Erlend Hatleberg, prosjektleiar ved Havyard Ship Technology, ser fram til å starte utrustinga i Noreg.

- Tida vi har til gjennomføring på dette prosjektet gir ikkje rom for forsinking, og vi er svært nøgde med at skroget er levert på plan. No gler vi oss til å få skroget heim og gå i gang med den til no største ferja og batteriinstallasjonen vi har hatt, seier han i pressemeldinga.

Havyard står for både design og bygg. Norwegian Electric Systems (NES) har full levering av framdriftssystem, batterisystem, generatorar, DC-tavler, ladesystem med meir. Norwegian Control Systems (NCS) leverer bruløysninga Concept Bridge. Rolls Royce leverer AutoCross-system til Fjord 1 på Havyard 936-ferja.