I det store teltet på kaia (ja, det er endå større i år), kan du onsdag morgon sikre deg gode tilbodsvarer frå lokale butikkar.

– Vi opnar om morgonen med godt humør og friskt mot. Vi har alt frå sko, kle og vesker til dressjakker og jumpsuitar. Berre nye varer. Her er det ein god sjanse til å gjere friske sunnmørskupp, seier Helen Sævik hjå Style.

I teltet finn du også varer frå mellom andre Monita, Marias Mote, A. Sævik, Notbøteriet og Loftet Herrekle.

– Dette vert årets kjekkaste dag, og vi gler oss veldig, seier Helen.

Bakst og musikk ved fontena

Laurdag vert det «fonteneshow» utanfor Vestvang Bokhandel, med både bakst og musikalske innslag.

– Wenche Helde Ulvestad kjem og skal servere sine gode lefser og hardingar. I tillegg kjem Nasko og hans musikkelevar frå kulturskulen, seier Vivian Håkonsholm ved A. Sævik.

«Dinosaurpremiere»

Fosnavåg kino har som vanleg litt av kvart å by på denne livlege veka i juni.

– Vi har framsyning kvar dag under Sommarfesten. Denne veka er det premiere på «Jurassic World: Fallen Kingdom», «love Simon» og «Brannmann Sam: Helter i stormen», seier kinosjef Bjørn Holum.

«Jurrasic World: Fallen Kingdom» er oppfølgjaren til suksessfulle «Jurrasic World» frå 2015 med Chris Pratt og Bryce Dallas Howard i hovudrollene.

I «Love Simon» møter vi Simon, som opplever kjærleik som noko komplisert. Ingen veit at han er homofil, og han har heller inga aning om kven han har blitt forelska i på nettet – berre at det er ein som går på skulen hans. Å finne ut av dette viser seg å vere både morosamt og skremmande, samtidig som det vil forandre livet hans for alltid.

– Det er ei hjartevarm historie om å finne seg sjølv og å bli forelska, seier Holum.

Dei minste kan gle seg over den gamle helten Brannmann Sam i filmen «Helter i Stormen». Overbrannmeister Boyce annonserer at den gamle Pontypandu-brannstasjonen vil bli stengt får å gi plass til to nye medlemer av brannmannskapet og ein splitter ny og meir moderne brannstasjon.

Utegudsteneste for heile familien

Søndag føremiddag inviterer kyrkjene i Herøy til storfamiliegudsteneste på festivalområdet på Allmenningkaia.

– Det vert fullt band, forsongarar og ein spennande talar. Etter gudstenesta byr vi på god kyrkjekaffi, seier trusopplærar Elise Frøyen.