Han er difor å finne i mange forskjellige miljø. Dei fleste har høyrt denne sommarlyden, men få har faktisk sett fuglen som lagar den.

Parasitt

Gauken er ein parasittisk fugl som legg egga sine i reira til andre fuglar og let dei ta seg av å oppdra ungane.

Mange kan nok tru det er lett å vere ein gauk, men det krevst mykje av han for å leve på denne måten. På grunn av evolusjon har vertsfuglane blitt flinkare til å oppdage det framande egget og kvitte seg med det.

Som eit motsvar vil kvar enkel gauk spesialisere seg på ein enkelt vertsart slik at egga blir likast mogleg. Hofuglen legg berre eit egg i kvart reir og må difor finne mange reir på kort tid.

I tillegg må ho følge nøye med på alle vertsfamiliane, for egget hennar skal leggast like etter verten har lagt sine.

Når verten forlèt reiret på ettermiddagen slår gauken til. Ho et eit av verten sine egg og erstattar det med eit av sine eigne. Det er ikkje berre egga som er mimikarar, også den vaksne fuglen er det – etter sporvehauken.

Ved å forkle seg som ein rovfugl aukar sjansen for at verten held seg unna lenge nok til at ho får lagt egget sitt umerka. Dersom verten ikkje merkar parasitten som har hamna i reiret vil han klekke litt før dei andre egga.

Gaukungen veks raskt og i løpet av dei neste 12 timane vil han dytte dei andre egga og eventuelt fugleungane ut av reiret slik han får all maten sjølv.

Vanskelege tider for gauken

Dei aller fleste av oss har nok høyrt han gale frå ein tretopp i det fjerne. Men som oftast er det berre øyrene, ikkje auga som får oppleve han.

Plutseleg ein sommardag er berre lyden der, men ingen såg han kome sjølv om han har reist heilt frå det sørlege Afrika. Dette er nok fordi han under trekk flyg eksklusivt på nattetid.

Når han jaktar etter insekt eller vertsfamiliar på dagtid flyg han oftast lågt i terrenget der han er godt skjult. Det er relativt lite vi veit om gauken i Noreg, men han er raudlista og mykje tyder på at han er i nedgang.

Fordi han er avhengig av så mange andre fugleartar er det lite som skal gå gale andre stadar i økosystemet før gauken merkar det.