Ja, og så bør vi kanskje nemne den ikkje-lokale tryllekunstnaren Roger Howden då. Etter det vi har høyrt har han ei evne til å trollbinde både store og små, og det har han planar om å gjere på hovudscena laurdag ettermiddag.

Men la oss ta dette frå starten:

Den første lokale aktøren som skal i elden er storbandet Herøy Brass. Brassbandet har om lag 30 medlemer, i hovudsak frå Herøy, men også frå Sande. Dei har fleire gongar spela i lag med dyktige songarar, som sjølvsagt har bidrege til å fylle både det lokale konserthuset og Herøy kulturhus. Men brassbandet er like fullt ein attraksjon i seg sjølv, som ofte byr på musikalske slagerar av høg kvalitet.

Laurdag

Ved lunsjtider laurdag troppar Nasko og nokre av dei yngste elevane ved Herøy kulturskule opp ved fontena, klare til å gi ein god dose musikalsk underhaldning.

Programmet held deretter fram på festivalplassen, der Harry og May Linn Andersen held gratiskonsert frå scena. I lokalmiljøet er dei to mellom anna kjende for å spele countrymusikk på bedehus.

Korkonsert

Etter at den nemnde tryllekunstnaren, med base i Ålesund, har utført sine triks laurdag, står Bergsøy blandakor for tur. Koret har om lag 60 aktive medlemer, og er såleis det største i Herøy.

Koret vart stifta i 1971, og har sidan den gong stått for alt frå korkafear og musikkinnslag i kyrkja til store julekonsertar. Noko av det største dei har gjort i seinare tid er oppsettinga «The King is Back» på Fosnavåg konserthus i fjor haust. Der song dei Elvis-songar for fullsett hus to gongar på ein kveld.

Kulturskulens sommarkonsert

Medan dei yngste elevane får vise kva dei har å by på ved fontena, stiller dei eldste opp på hovudscena - for første gong i år.

– Om lag 35 song- og musikkelevar ved kulturskulen skal opptre. I tillegg har vi invitert barnehagekorpsa til å spele minitrompet, men vi veit ikkje nøyaktig kor mange av dei som kjem, seier rektor Robert Skeide ved Herøy kulturskule.