Torsdag brakar det laust med Elise Nærø og hennar beste musikarvenner frå studietida.

Elise vart nasjonalt kjend medan ho deltok på songkonkurransen The Voice på TV2 i fjor. Ho enda opp på ein imponerande 5.-plass, og har vore svært ettertrakta sidan.

Det gjenforeina bandet gjorde suksess i eit fullsett Fosnavåg konserthus i mars. No skal dei for første gong spele gratiskonsert i Fosnavåg.

– Det vert kjempegøy! Bandet var veldig gira sist dei var her, og eg vart skikkeleg stolt over kor fint det er her og kor herleg publikum er. Etter den konserten fekk vi mange tilbakemeldingar om at folk hadde lyst til å stå, så dei hadde moglegheit til å digge til musikken. Det får dei i aller høgaste grad no. Vi gler oss veldig, seier Elise.

Inviterer til dans

Fredag kveld entrar Steinar Engelbrektson band og Sixpack scena og spelar opp til dans! Arrangørane har faktisk leigd inn danseplatting for alle danseglade!

– Vi skal ha det moro! Flott lyd- og lys-

design, kombinert med låtar frå kjende artistar som publikum har svinga seg til og sunge i fleire år, slår alltid an, heiter det mellom anna på Sixpack sine heimesider.

– Når dette er ispedd ein dose «crazykommunikasjon» mellom scene og dansegolv, ligg alt til rette for ein festleg dansekveld.

Sixpack er dessutan trubadur under forspelet i teltet laurdag kveld.

Konsertattraksjonen Stage Dolls

Laurdag får publikum nyte skikkeleg trykk frå rockebandet Stage Dolls frå Trondheim. Det nær 35 år gamle bandet har gjort suksess både i Noreg og internasjonalt. Mellom anna fekk dei i si tid plassering på den amerikanske Billboard-lista med singelen «Love Cries», som nådde 46.-plass. Same singel var oppe på 3.-plass på Billboard Rock Charts.

Bandet har elles alltid prioritert å spele framfor publikum.

– Etter ein tidleg og strabasiøs turne i Nord-Norge på starten av 1980-talet vart bandet gradvis etablert som ein konsertattraksjon, og talet på reisedøgn steig betrakteleg, heiter det på bandet si heimeside.

Lokale «festløver»

Fosnavågbandet Galaxyband avsluttar laurdagskvelden i kjend stil, med masse liv.

Bandet, som er drive på hobbybasis, såg dagens lys allereie i 1977, og har vore gjennom både gode og vonde dagar.

– Vi har etter kvart utvikla oss til nokre samstemde karar. Musikken vi spelar er melodiøs pop/rock og har ei spennvidde frå 50-talet og opp til dagens musikk, der både norske og utanlandske tekstar er representerte. Vi kan også by på ein og annan eigenkomponert låt.