Nestleiar Lillian Øvrelid Berge trur der skal vere noko for kvar ein smak.

Kunstlaget plukkar faktisk fram ei eiga samling med kunst til årets utstilling.

–Vi har masse bilde, som vi har fått i gåve og kjøpt frå ei mengde kunstnarar. Materialet er ikkje nytt, men det vert likevel nytt for fleire, ettersom det er lenge sidan det vart utstilt sist, seier Berge.

Keramikk skil seg ut

På utstillinga er det mykje å bite seg merke i for dei som har sansen for kunst. Berge trekkjer fram Gry Nerland som eit døme på ein kunstnar som skil seg ut litt på utstillinga.

– Ho har særs mykje flott kunst til sals. Den består for det meste av keramikk som står på kubar, og som kan nyttast både inne og ute i hagen, seier ho.

– Laila Solhaug skal stille ut sine spesielle, handlaga kort, i tillegg til små, søte akvarellbilete. Sjølv stiller eg med bøker og kort, seier Berge.

Gir vekk bilete til offentlegheita

Spesielt i år er det at kunstlaget inviterer leiarar frå kommunale institusjonar i Herøy til å kome og plukke med seg kvart sitt bilete gratis. Målet er at bileta skal setje litt farge på institusjonsveggane.

– Og så slepp vi at dei vert liggande på eit lager, seier Berge.

Mykje ungdom

Berge gler seg til utstillinga.

– Det blir kjekt og spennande å sjå kva for folk som kjem. Det bruker å kome ein del ungdom innom, så vi prøver å ha med noko for alle. Her er mykje ungdom som driv med kunst, så det ser bra ut for framtida, seier ho.