Dette vert faktisk det største samanhengande programmet vi nokon gong har hatt, så vi har bestilt 25 grader og sol! Kyrkja har sagt at det skal dei ordne, for dei har kontakt oppover mot dei som lagar vêret, smiler festivalsjef Karl Petter Sortehaug med eit spøkefullt glimt i auget.

I tillegg til fleire etablerte artistar og band, som Elise Nærø, Sixpack, Stage Dolls og Galaxyband, slepp komiteen til ein god del yngre talent på årets sommarfest på kaikanten.

– Med gratis sceneplass og god lyd. Det er viktig. Vi har ungdomar som sakte, men sikkert vil ta over for oss som byrjar å sjå etter ein plass på gamleheimen i framtida, legg festsjefen til.

Danseplatting

Dei feststemte som skal bevege på seg på konsertkveldane får gode forhold.

–Vi har leigd inn danseplatting framfor scena for å gi betre forhold for dei danseglade. Steinar Engelbrektson band og Sixpack deler fredagskvelden. Sixpack består av to showprega karar frå Nordfjordeid som vil skape stemning før konsertane startar. Laurdag er det fullt program heile dagen. Det startar med gratis frukost i teltet, og så går det slag i slag, seier Sortehaug.

– Ein fantastisk dugnad

Han lovprisar dei som har vore med på å gjere årets sommarfest mogleg.

– Det er ein fantastisk dugnad. Vi har mellom andre med HerøyLAN, kommunen, Frivilligsentralen, butikkgruppa og Herøy Kystlag. Onsdag morgon er det outlet i teltet, og om kvelden held klesbutikkane moteshow, seier Sortehaug.

Torsdag ettermiddag dekker kvinnene frå Solsikken Sanitetsforening på til det som truleg vert Sunnmøres lengste kakebord, før Elise og bandet hennar gjer seg klare for gratiskonsert på scena.

– Søndag morgon startar med ei stor familiegudsteneste som er eit samarbeid mellom alle kyrkjene i Herøy. Måndag skal vi kvile oss og plukke ned, legg Sortehaug til.