Etter eit opphald i fjor, lagar Herøy kystlag nok ein gong til utstilling av gamle bilde og film frå lokalsamfunnet. Denne gongen vert utstillinga halde i tidlegare Ytrehorn Sko sine lokale, under Sommarfesten i Fosnavåg.

Også på skjerm

I tillegg til å sjå på motiva i dei mange A4-rammene, vil ein på denne utstillinga ha høve til å «blade» gjennom eit galleri på ein TV-skjerm.

– Truleg vert det også framsyning av gamle filmar på storskjerm, seier Jan Ove Aarvik i Herøy kystlag.

Voldnes Skipsverft i fokus

I denne omgang får bilde, film og dokumentasjon om Voldnes Skipsverft ekstra plass på utstillinga.

– Terje Hansen, som har jobba på verftet i mange år, har samla og teke vare på dette materialet, som Herøy Kystlag har fått tilgang på. Desse «Godbitane» bør vere av særleg interesse for tidlegare tilsette og deira familiar, seier Aarvik.

Gamalbåtens dag

Herøy kystlag har, tradisjonen tru, invitert nokre folk med flotte, gamle trebåtar.

Laurdag har du høve til å kome om bord.

– Vi har invitert mykje folk frå nærliggande område. Så får vi sjå kor mange som kjem, seier Jan Ove Aarvik i Herøy kystlag.

I tillegg til å arrangere det litt spesielle båttreffet, har kystlaget ansvaret med mottak og organisering ved alle gjestebryggene i sentrum.