– I skrivande stund er vi ikkje i nærleiken av ei løysing som ligg innafor våre handlingsmulegheiter, skriv Nordic Resort-investor Nils Chr. Gevelt til Herøy kommune.

Den manglande løysinga Gevelt siktar til, handlar om å bli einige med Aasmund Torvik om ei erstatningstomt til Vikane eiendom.

Trudde på ei løysing

Gevelt skriv at trudde dei hadde ei løysing innafor rekkevidde med erstatningstomt med tilhøyrande egna konstruksjonshall nær sjøen. Difor søkte han om ei tomt på Mjølstaneset, som var den siste brikken som måtte på plass for ei muleg totalløysing for prosjektet.

Denne tomta på Mjølstaneset har Nordic Resort nyleg fått reservert av kommunen, som gav partane ein frist på seks månader til å bli einige.

– Det at Torvik, med kommunen si velsigning, har fått lov til å utfalde seg fritt der inne, gjer at vi ser det vanskeleg for oss å halde fram prosessen, skriv Gevelt.

Framleis tru på prosjektet

Gevelt viser til at det er god framdrift i arbeidet med å få på plass både internasjonale og regionale samarbeidspartnarar som gjer at prosjektet kan realiserast. Difor kjem dei til å innløyse eigedomen til Jan Driveklepp, slik at totalprosjektet ikkje blir øydelagt, men eventuelt kan drivast vidare av andre interessentar.

– Personleg har eg framleis stor tru på at prosjektet ein gong vil late seg realisere, skriv Gevelt og viser til at han no endeleg har lukkast å realisere eit eigedomsprosjekt i Lier i Buskerud.

– Det skortar altså ikkje på tolmod, men det krev at andre involverte også er tolmodige, skriv han.

Dette må oppfattast som eit stikk også til kommunen med tanke på dei korte fristane som kommunen opererer med.

Kva ønskjer kommunen?

Nordic Resort har sidan oppstarten hatt prosjektkostnader på rundt ti mill. kroner med Torvik-prosjektet. I den samanhengen understrekar Gevelt at utan kontroll over Vikane-eigedomen til ein normal marknadspris, blir det heile vanskeleg.

Difor ønskjer han no ei tilbakemelding frå Herøy kommune kva kommunen eigentleg ønskjer med eigedomen som blei kjøpt for nokre år sidan.

– Dersom det framleis er av interesse å skape eit reiselivsanlegg i Torvika, skal vil bidra med det som er muleg. Men då må det takast nokre bestluttingar i høve til framtid og langsiktigheit i Torvika, understrekar han.

Kan få utvida frist

Det er positivt at det er bevegelse i prosjektet og at ein ser mulegheiter med å få prosjektet realisert. Det skriv kommunalsjef Jarl Martin Møller i ei tilbakemelding til Nordic Resort.

Her signaliserer han at slik kommunen ser det, må grunnspørsmålet løysast mellom partane i fellesskap. Men det vil vere råd å søkje om utvida frist om det skulle vere behov for det.

Når det gjeld dagens standard på bygget det blir forhandla om, synest Gevelt det er beklageleg at eigaren har fått lov til å bruksendre eigedomen, kle om bygninga utvendig og full isolere den. Det same gjeld vegretten over eigeomen, som kommunen har gitt Torvik medhald i utan at det finst eit einaste papir på det.

Møller stadfestar at bygget framleis er registrert som lagerhall, og viser til at kommunen ikkje har motteke nokon søknad verken om bruksendring, fasadeendring eller isolering. Når det gjeld vegretten står kommunen fast på det som er sagt tidlegare.

– Vi legg til grunn at begge partar er konstruktive og løysingsorienterte, avsluttar Møller.

-Held ikkje med knappe tre millionar

– Slik eg ser det må vi forhalde oss til den avtalen som blei gjort for å få istand reguleringsplanen for resortområdet. Etter denne avtalen skulle vi få eit erstatningsbygg på ei sjøtomt, og det blir noko heilt anna enn det Nordic Resort har bode oss i ettertid.

Det seier Aasmund Torvik i ein kommentar til Nils Chr. Gevelt si framstilling av forhandlingane mellom dei to rundt innløysing av Vikane eiendom.

Torvik gjer det klart at han er heilt open for eit økonomisk oppgjer mellom han og Nordic Resort.

– Men då held det ikkje med knappe tre millionar kroner, slik dei har vore villige til å betale, seier han.

Torvik har gjort intensjonsavtalar om alternative lokalitetar til båtproduksjonen både i Herøy og i nabokommunar, og er spenna klar til å flytte på kort varsel den dagen han har fått ein avtale med Gevelt som er til å leve med.

Torvik understrekar at han personleg har hatt ei positiv haldning til resortplanane heilt frå dag ein, og kjenner seg ikkje igjen i karakteristikkane som blir gitt av sin eigen person i brevet frå Gevelt til kommunen.

– Eg har aldri vore ute etter å stikke kjeppar i hjula, men eg må også tenke på min eigen situasjon, understrekar han.