– Nokre har kanskje sett at Gursken sokn i desse dagar lyser ut stillinga eg har hatt som klokkar og kyrkjetenar. Årsaka er rett og slett at det ikkje let seg gjere å kombinere verva mine med å jobbe i kyrkja lenger, seier Olav Myklebust til Vestlandsnytt.

Som medlem av Kyrkjerådet har han no blitt valt inn både i arbeidsutvalet og arbeidsgjevarutvalet i Den norske Kyrkja.

Han nøler ikkje med å tilrå den ledige stillinga i soknet, ein jobb der han kjem nært inn på folk i fleire ulike fasar i livet.

– Kjekt er det elles at Erhard Hermansen er ny generalsekretær i Norges Kristne Råd. Vi ser fram til eit godt samarbeid med dette rådet, seier Olav Myklebust til Vestlandsnytt.

Myklebust legg til at det for hans del vert ein del reising i kyrkjelege samanhengar framover. Myklebust vart som kjent valt inn i Kyrkjerådet frå Open folkekyrkje, som gjorde det veldig godt i kyrkjevalet.

Seinast i helga gjorde Myklebust teneste som prestevikar i Sande kyrkje.