12 Klubbar, 39 lag og tett på 300 spelarar hadde funne vegen til Storøyra stadion denne laurdagen. I strålande solskinn kunne spelarane utfalde seg på graset, medan foreldre, søsken og besteforeldre heia fram sine favorittar.

Dei yngste spelte i minibingar med småmål og utan keeper, medan åtte- og niåringane fekk bryne seg på 5ar-baner, som sette krav til både teknikk og innsats. Innsatsen var det lite å seie på hos alle lag.

I kjend «miniturneringstil» var det full guffe i kampane, og minst like høgt tempo i pausane.

Når ei lita bygd skal arrangere fotballturnering for så mange må fleire enn foreldra til deltakarane stå på. Denne dagen var det 35 frivillige som deltok på dugnad, alt frå parkeringsvakt og seljar i kiosken til domarar, speaker, kampvertar og «riggegjeng», som laga til og rydda alt etter dagen var omme. Knallgod innsats i alle ledd!

Medan ein venta på neste kamp kosa folk seg i sola. God stemning og FairPlay prega både spelarar og publikum!

Arrangørane i Gjerdsvika idrettslag hadde ein travel, men nauta kjekk dag – takk for besøket til alle spelarar og publikumarar!