Det skulle vere liten tvil om at Vestlandsnytt var kome til rett stad når vi svinga inn på parkeringsplassen ved Løkemyra skytebane førre fredag. Roping og hagleskot ljoma gjennom dalen og det var ikkje akkurat vanskeleg å finne lydens opphav.

Tore Brovold var då allereie godt i gang med å instruere dei frammøtte frå Herøy og Sande Jeger og Fiske-foreining i leirdueskyting.

Fokus er nøkkelen

At Brovold er ein mann som har rett ballast for å undervise skyttarar, er det liten tvil om. Den norske sportsskyttaren imponerte under OL 2008 i Beijing då han skaut seg til ein individuell sølvmedalje i skeet, som er ein form for leirdueskyting. I tillegg er han europeisk meister og verdsmeister i lag-skeet.

– Her i dag underviser eg i alt ifrå heilt grunnleggande teknikkar til trening på det mentale for meir vidarekomne. Det aller viktigaste eg lærer gjengen her i dag er fokus. Ein må klare å legge vekk alle tankar om kva ein ikkje skal gjere og berre fokusere på det ein skal gjere, og det er ikkje alltid enkelt, forklarar Brovold.

Han forklarar at det er forskjellig frå person til person korleis dei klarar å gjere dei mentale førebuingane til å gjere det bra på skytebana. Tore jobbar med kvar enkelt person for å finne deira beste metode.

– Det er små detaljar som det vert terpa på, alt ifrå korleis ein står og hevar hagla til det mentale tankesettey, fortel Kenneth Espeseth, ein av skyttarane som var på bana på fredag.

Brovold var også til stades på Løkemyra på laurdag.

Auka interesse for skyting

Lars Gunnar Larsen, som også var til stades for å lære av Brovold, kunne fortelje at dette besøket blant anna kjem som eit resultat av auka interesse for skyting i Herøy og Sande.

– Eg opplever i alle fall at det er ei auka interesse i området, noko som er gledeleg. Spesielt det siste året synst eg det har tatt seg opp. Vi har medlemmar frå 20 års alderen opp til 83 år, forklarar Larsen.

Lars Gunnar skryt også av at nivået er i ferd med å heve seg blant dei mest aktive på skytebana og viser til fleire topp-plasseringar som klubben har hatt på lokale skyttarstemne.

– Når vi no får på plass ei ny bane trur eg også at dette kan gjere at klubben kan vekse seg stor framover.

Kenneth Espeseth skyt også inn ei oppmoding til folk om å vise interesse for klubben eller bli med. Han spesifiserer at ein ikkje treng verken utstyr eller erfaring for å kome og vere med.

– Her er alle velkommen, smiler Espeseth.

Konkurransar i siktet

Vidare framover har HSJFF tatt sikte på fleire skytestemner. Fleire skal delta under Jeger NM og to skal også vere med på Nordisk NM, som elles kan vere billetten inn til landslaget sjølv om dette er litt opp og fram.

– Det er sjølvsagt eit mål, men vi må jobbe meir med stabilitet før vi kan vere med i den klassa, smiler Lars Gunnar.