– Vi har fått god hjelp i det siste, noko vi er svært takksame for fortel Sveinung Kopperstad i Herøy kystlag.

I dei siste vekene har elevar ved Herøy vidaregåande ikkje hatt så mykje skulearbeid då dei ventar på å bli trekte ut til eksamen. Derfor har lærarane bestemt seg for at elevane skal få hjelpe til å puste liv i Slippen, lokala til kystlaget i Nørvågen.

Måla vegg og olja båt

– Vi hadde eit problem med at det lak inn vatn frå nordvest-veggen, men no med hjelp av matros-elevane på Herøy vidaregåande har vi fått måla veggen og gjort den tett. No held han vel i 50 år, seier Idar Markussen, og viser fram den nymåla, grå veggen.

Gråfargen har den fått då dette er slik slippen såg ut originalt.

– I tillegg har elevane fått sausa inn eit par strøk med linolje i notbåten og færingen vi har liggande her, forklarar Kopperstad.

Slit med det finansielle

Kystlaget har ein draum om å gjere slippen om til eit levande kystmuseum, og elevane hjelper til med at ein sakte, men sikkert tek stega mot museumsdraumen ...

– Men hadde vi hatt meir pengar hadde vi kunne gjort så mykje meir fortel, Markussen og Kopperstad.

Dei har eit ynskje om at dei no kan få på plass midlar nok til å kunne måle og halde ved like resten av bygget. For slik det er no skal det mykje meir arbeid til.

Kjekt å hjelpe til

Vestlandsnytt møtte måndag matroselevane då dei var i sving med å smørje ein av feringane med linolje. Dei synst dette er ein fin måte å fordrive tida på medan dei ventar på å få vite kor vidt dei skal opp til eksamen eller ikkje.

– Det er kjekt å få halde på med noko praktisk. I staden for å sitte og lese teori får vi lære korleis vi kan vedlikehalde og ta vare på gamle trebåtar, fortel Henrik Kvalsund Moltubakk.

Han fortel vidare at dei oljar båten for at den ikkje skal rotne opp.

– Det er ein teknikk som ein ikkje lærer eller brukar lenger, men det er fint for elevane å lære det, for no er denne båten berga for dei neste 50 åra, fortel ein av lærarane ved Herøy VGS, Jostein Skar.