Under eit møte på Kleven Verft måndag formiddag blei det klart at Hurtigruten sitt dotterselskap KBK Holding tek over 100 prosent av aksjene i Kleven Verft, Kleven maritime technology og Kleven Maritime Contracting.

Dagens eigarar beheld resten av Kleven-selskapa, deriblant Myklebust Verft AS, skriv Kleven i ei pressemelding.

- Dette er ei svært god løysning som gir oss ro til å fokusere på å bygge nokre av verdas mest avanserte skip, og rigge Kleven for fremtida. Dette sikrar arbeidsplassene ved det som er ei hjørnesteinsbedrift i Ulsteinvik og svært viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre, seier konsernsjef Karsten Sævik i Kleven.

Kleven har no tilgjengeleg kapital på opp til 600 millionar kroner takka vere løysinga.

- Som oss i Hurtigruten har Kleven ei lang og rik historie. Som oss har dei satsa på kvalitet og nyskaping, og som oss har dei vore gjennom ei stor omstilling. Både som ansvarleg eigar og ansvarleg kunde er det viktig for oss å finne gode, og ikkje minst langsiktige løysningar. Vi ser eit stort potensiale på Kleven, sier Daniel Skjeldam, konsernsjef i Hurtigruten, i pressemeldinga.