Sande formannskap tilrår at selskapet får etablere eit avgrensa steinuttak pluss deponi og attfylling på Aurvollen.

– Vi veit no på bakgrunn av førre sak at haldninga frå myndigheitene er at det vert krav om reguleringsplan for slike uttak, sa saksbehandlar Rasmus Ekroll til formannskapet.

Han opplyste vidare at bakgrunnen for behovet for steinbrot er arbeidet med Gjerdsvika hamn, der Aurvoll & Furesund i fylgje Ekroll har fått jobben på levering av 20.000 kubikkmeter stein. Ekroll sa rett ut at han fryktar det vert avslag på Aurvollen, men la til at selskapet altså har fått ein avtale med kommunen på steinuttak.