– Eg vil seie det er svært positivt at folk møter opp og engasjerer seg, slik vi var vitne til på generalforsamlinga torsdag. Eg vil nok tru skulesaka har aktualisert behovet for fastlandssamband, seier dagleg leiar Jostein Korsnes etter generalforsamlinga.

Møtet vart tradisjonen tru gjennomført i kommunestyresalen på rådhuset.

På møtet var dei rundt tretti frammøtte innleiingsvis vitne til at vanlege årsmøtesaker gjekk unna i vanleg stil. Det var sjølvsagt til punktet «status» dei fleste var nyfikne på å få med seg siste nytt for selskapet som arbeider for samanknyting av Kvamsøya/Sandsøya/Voksa og Åram.

Miljøkrav til føre til meir ferjeavløysingsmidlar

– Den endelege matrisa for utrekning om vårt og andre samband er sjølvfinansierande, blir ikkje klar før utpå hausten. Men nokre tal har vi, og dei syner at med dagens underskot på Larsnes-sambandet vil ikkje SaFast vere sjølvfinansierande, seier Korsnes. Han legg til at det er eit stort og positivt «men»:

– Når det gjeld «vårt» ferjesamband går det med rundt 23 mill. kr i årlege underskot no. Når eni skal oppfylle Stortinget sitt nullutsleppskrav blir det betrakteleg dyrare ferjedrift. Ikkje minst når ein samstundes må rekne med at kvar av ferjekaiene må oppgraderast for rundt 100 millionar kroner. Då blir den årlege ferjedrifta meir enn dobla, noko som sjølvsagt slår gunstig ut for ferjeavløysingsmidlane og dermed også finansieringa vår, seier Korsnes til Vestlandsnytt.

På utgiftssida må det på den andre sida kome betre tal på drifta av undersjøiske tunnelar, då ein må rekne med ein del her innafor ein ferjeavløysingsperiode på 40 år.

To frå samferdselsutvalet

Kristin Sørheim (Sp) var til stades på generalforsamlinga og orienterte. Ho er leiar i samferdselsutvalet. Frå same utval deltok også Bjarne Kvalsvik (uavh.).

– Vi er glade for at Sørheim og Kvalsvik tok del på møtet og kom med nyttig informasjon, seier styreleiar i SaFast, Jarle Støylen.

Vi spurde Støylen om det er slik at SaFast no står i stampe.

– Nei, på ingen måte, men vi registrerer at folk er utolmodige. Det same er vi som sit i styret, seier Støylen. Han utdjupar:

– Vi må berre stå på vidare. Litt av utfordringa er at jobbar inn mot eit byråkrati, der det gjerne tek lang tid før vi får svar å viktige spørsmål før vegen kan gå vidare. Så akkurat der er det litt frustrasjon. Ta til dømes spørsmålet om stigningsprosent i tunnelane, som vi trudde vi skulle få ei avklaring på for nærare to år sidan. Her har vi framleis ikkje fått eit svar, seier han.

Støylen seier eit spørsmål rundt finansieringa som er viktig å få på plass, gjeld indeksreguleringa som fylkeskommunen førebels ikkje vil leggje inn i kalkylane for ferjeavløysingsmidlar. Her trur Støylen det kjem ei politisk sak.

Nordøyvegen

Dei nyaste tala for Nordøyvegen, som syner ein kostnadssprekk på rundt 800 mill. kr, er sjølvsagt heller ikkje godt nytt for SaFast.

– Likevel kjem Nordøyvegen ut med ein løpemeterpris som er om lag den vi har lagt inn i våre kalkylar, opplyser Jarle Støylen.

Han held fram som styreleiar i eit selskap der alle jobbar ulønt. Dei andre i styret er Arthur Kragset, Dag Vaagen, Arnljot Muren, Lena Landsverk Sande, Bjarne Sætrenes og Gjermund Bringsvor (ny).