Sommarhelg på Kvamsøya

Fredag og laurdag blir det liv og røre på Kvamsøya.

Sommarhelg: Arkivfoto 

Nyhende

Då går nemleg den tradisjonelle sommarhelga av stabelen, der idrettslaget trekkjer i trådane. Likevel er det slik at nær sagt heile øysamfunnet stiller til innsats.

– Idrettslaget er 50 år i år, så vi slår litt ekstra på stortromma, seier PR-sjef Petter Gunnarstein i Kvamsøy IL.

Han og dei andre lokkar med fint ver (naturlegvis!), topp stemning og mange aktivitetar.

På programmet fredag står grilling, bacalao, kaker, moro for borna og show med Ina og Ørjan. Etterpå er det dans med Odd Kåre Fløtre.

Det meste føregår i hamneområdet på Bringsinghaug, der storeteltet er sentralt.

Laurdag vert det ein sprek start på dagen, med sykkeltur på øya, der alle deltakande er med i trekkinga av ein fin premie.

Vidare vert det fleire utstillarar i og ved teltet, bading i Brimer-basseng, sal av grillmat, «plankequiz», musikalsk underhaldning, endå meir mat og attpåtil ein stordans ut på kvelden. Kvamsøy IL ynskjer vel møtt til alle, anten dei kjem med bil eller båt til perla i vest.