– Vi fekk eit lite gjennombrot i fjor, på delar av busstransporten inn og ut av Sande, orienterte rådmann Oddbjørn Indregård i formannskapet, til saka om ruteendringar.

Han opplyste at det er gode skyssordningar mellom Ulstein vgs og Sande no, der ein jamvel kan pendle frå ytre Sande og rekke 16-ferja tilbake. Mindre bra er det at skulane i Ørsta/Volda no ligg litt lenger vekk, tidsmessig sett, enn før 1. mai.

Indregård la til at ordninga med bestillingsdrosje framleis ikkje er på plass i Sande, sidan kommunen må stille opp med ein eigendel og ikkje har råd til å vere med på spleiselaget.

Sande kommune er framleis ikkje nøgd med tilbodet med buss til/frå Garneskrysset, eller busstilbodet fram til Ålesund sjukehus. Kjem ein til Ålesund med båt må ein gå gjennom byen for å kome fram til bussen som kan ta folk vidare til Moa/sjukehus-bussen.

Formannskapet peikar også på at trafikken tilseier at viss det (i fylgje eit forslag)skal kome to ferjer på Larsnes, må begge gå til ytre.

Vidare stiller kommunen seg igjen bak eit felles framlegg frå grendelaga i ytre, som ber om at ordninga med laurdagsruter på ferja, går ut. Laurdagane har det i ei årrekkje vore ein lang «pause» midt på dag.