Fylkesmannen har oppheva reguleringsplanen for Eggesbøjorda og sendt planen tilbake til kommunen for ny behandling.

Det meste i kommunen si behandling ser greitt ut, men på eitt punkt har Fylkesmannen kome til at ein klage på vedtaket delvis må takast til fylgje. Det gjeld eit areal med påståande løe, som er regulert til leikeplass, utan at det er avklara om løa skal bli ståande eller ikkje.

Kommunen har ikkje teke stilling til kva arealbruken har å seie for klagaren sine interesser på bakgrunn av påståtte rettar. Arealbruksvurderinga er mangelfull, og dette utgjer ein saksbehandlingsfeil, skriv Fylkes- mannen i tilbakesendinga til kommunen.