– Eg har gått ned 22 kilo på to månadar. Eg er dritstolt!

Heidi Voldsund Grimsrud dyttar ei grein til side og trør uanstrengt inn i det viltveksande krattet. Vi har gått feil. No gjeld det å peile seg inn på fjellstien og kome seg til toppen av Leinehornet. Førebels er terrenget ei hinderløype.

– Kan vi ikkje berre hoppe over gjerdet då? Eg er vasstett, så det går bra, seier Heidi og smiler.

Dessutan er ho blitt skikkeleg sprek.

– Når denne 99 dagar lange reisa, som er starten på mitt nye liv, er over, skal eg ha gått over to millionar skritt, konstaterer Heidi

Som regel går ho mellom 20.000 og 40.000 skritt kvar einaste dag.

– Det meste eg har gått er 61.000. Det tok heile dagen det.

Heidi stoppar opp i fjellsida og speidar utover havet. Det er ikkje eit skue ho er van med. Tobarnsmora frå Ski har nesten ikkje vore på fjellet sidan ho leika seg der som jentunge, medan ho var på sommarferie hos morfaren i Herøy.

– Med ein gong skulen slutta, vart eg frakta opp hit, og så kom resten av familien etter. Det er her eg har barndomsminna mine frå, seier Heidi.

Det er i morfaren sitt gamle hus, like ved Einedalen skule, ho har base under denne fem dagar lange Herøy-visitten.

– No er det fetteren min og familien hans som bur der. Eg kjenner meg veldig heime hos dei. Det er så mykje varme i det huset, og kvar morgon vaknar eg til ei fantastisk utsikt. Det gir meg ei indre ro, seier Heidi.

Dagane har vore fulle av turar. Alle startar ved Einedalen skule. Men med mindre ho har med seg følgje, går ikkje Heidi på fjellet, fordi ho fyktar å rote seg bort. Ho har nemleg ein kognitiv svikt, som gjer at ho mellom anna slit med å orientere seg.

– Eg har også hukommelsestap, konsentrasjonsvanskar og posttraumatisk stress-syndrom (PTSD), depresjon og angst. Det har eg levd med i seks år. No prøver eg å gjere noko med det.

Året er 2012. Heidi har eigentleg fri, men er innom omsorgssenteret der ho jobbar, for å ta seg av nokre arbeidsoppgåver. Då skjer det. Ein mannleg bebuar går til angrep på Heidi. Slaga fell som på ein boksesekk. Hardt. Gjentekne gongar mot hovudet og nakken. Ved sida av står kollegaene og ser på, for lamslåtte til å gripe inn.

– I fleire år gjorde eg ikkje anna enn å ligge i eit mørkt rom med sterke smerter. Så byrja eg på nokre medisinar som gjorde at eg kunne fungere litt saman med barna mine, fortel Heidi.

Men sjølv om dei verste fysiske smertene vart døyva, levde Heidi i eit djupt mørke det var vanskeleg å kome seg ut av.

– Eg var nesten ikkje ute av huset, og kosthaldet var elendig. Eg åt mykje sjokolade, endå eg ikkje toler det. Det var berre drit, seier Heidi.

(Saka held fram under bildet)

Heidi Voldsund Grimsrud i fjor sommar, før ho endra livsstilen. Foto: Privat

I 2015 døyr Heidi sin bror av hjartestans. Sjokket er stort og sorga tung – på ein heilt annan måte enn pina ho lever med i kvardagen.

I august 2017 får familien nok eitt sjokk, då dottera si beste venninne, som skulle bli 15 år om nokre månadar, får hjernebløding under ei handballtrening. Ho vert lagt i respirator, men døyr to dagar seinare.

– Like etterpå, i desember, mista eg faren min, seier Heidi.

Då vakna ho ...

– Eg sa til meg sjølv: «Livet passerer framfor deg. No døyr alle frå deg. Dette går ikkje an. Kom igjen, no må du ta deg saman!».

– Då pappa døydde fekk eg ein wake up call i forhold til det å ta vare på meg sjølv. Eg hadde lyst på ei maks helse, og ikkje ei minimumshelse, som var det eg hadde, fortel Heidi.

Ho pustar litt tungt i dei brattaste partia oppover fjellsida, men det er ikkje snakk om å stoppe opp.

– Eg pesar, for eg er ikkje van med å gå i fjellet. Eg har liksom alltid jobba så mykje. Og så – pang – er du heilt sengeliggande. Eg skal ta igjen seks år med aktivitet! Men det er deilig. Og sjølv om eg pustar, så vert eg ikkje sliten. Eg har heller ikkje vondt i kne, musklar eller ledd. Eg har toppen då – den er vond ... Men eg flyttar fokuset og tenkjer at dette er bra for meg, og at dette må eg klare. Og så kan eg heller gråte ein skvett etterpå viss smerten vert for ille, seier Heidi.

Så smiler ho breitt:

– Men eg er så innmari stolt av meg sjølv for at eg faktisk gjer det her. Meistringskjensla er fantastisk. Den klatringa eg gjorde på Rundefjellet her om dagen, eller berre den vesle bakken vi går no ... Eg hadde aldri greidd det i februar.

1. mars i år starta Heidi på det ho kallar ein 99 dagars reise mot eit nytt liv.

Ho starta med å kjøpe ei boks med ulike helseprodukt for å kick-starte reinskinga av kroppen.

– Vidare følgde eg Forever Living sitt F15-program, med heilt enkle øvingar for styrke og uthald. Eg fungerer ikkje i ein treningssal, og eg kan ikkje lyfte eller bere på grunn av nakkeskaden. Difor var det supert å berre kunne gjere desse øvingane heime i stova, seier Heidi.

På den 99 dagars reisa skal ein heller ikkje ete sukker, drikke alkohol og kaffi, eller bruke røyk eller snus.

– No har eg eit kosthald der kvart måltid er på mellom 400 og 600 kcal, og det er ganske mykje dersom ein vel rett mat. Men eg lagar vanleg mat, berre at eg til dømes bytar ut pastaen med fulkornspasta, og eg eter mykje grønsaker. Og så vert det ein del kylling, seier Heidi.

I tillegg får ho i seg eit litt spesielt kosttilskot.

– Eg drikk aloe vera kvar dag. I starten smakte det litt ekkelt, men dess verre det smaker, dess meir treng kroppen det. Og etter tre dagar gjekk det nesten ned på høgkant. Men det finnast forskjellige smaker då, seier Heidi.

I tillegg til å ha eit sunt kosthald, inneber livsstilsendringa at ein går minst 12000 skritt om dagen.

– For meg som berre gjekk knappe 1000 skritt, var det ganske mykje, seier Heidi.

No er det elles ganske lite, synest ho. I løpet av opphaldet i Herøy har ho gått mange mil.

– Det er ekstra motiverande å gå her. Lufta og lukta er så bra, og naturen er så vakker, seier ho.

– Er det litt tvangstanke òg?

– Ja! ler Heidi;

– Eg vert heil ko-ko. I går mangla eg til dømes 200 meter frå å ha gått 2,5 mil. Då måtte eg gå litt rundt i huset. Ein blir no manisk då, veit du.

Vi er komne til toppen. Heidi finn fram loggboka på varden, og skriv omhyggeleg namnet sitt i den. Så trekkjer ho fram mobiltelefonen og knipsar eit bilde av boksida.

– Kvar kveld postar eg oppdateringar på Facebook og Instagram. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt at det skulle vere så offentleg, men så fekk eg ein førespurnad frå Forever Living om å gjere det. Eg tenkte, «ja ja, kvifor ikkje. Eg får bjuda på!». Andre vert no inspirerte, seier Heidi.

Dei siste dagane har oppdateringane synt fram vakre naturmotiv frå Herøy.

– Eg prøver å fortelje om dagen min. I går, då eg var på Herøy-brua, kom Hurtigruta forbi. Det var så kult!

75 dagar inn i reisa har Heidi for lengst blitt sitt «gamle eg».

– Kanskje hakket betre. No har eg ikkje lyst til at «nei» skal vere eit ord i munnen min. Eg kan kanskje seie «seinare», men ikkje «nei, det kan eg ikkje», eller «nei, det vil eg ikkje», seier Heidi.

– Trur du ein må gjennom noko skikkeleg vondt for å greie å ha di innstilling til livet?

Ho dreg litt på det ...

– Det kan hjelpe, men ein må no ikkje det. Alt sit i hovudet. Du må vere klar for å kunne gjere ei endring. Det er eg eit bevis på, seier Heidi.

16 dagar etter fjellturen vår, tikkar ei melding frå Heidi Grimsrud inn i underteikna si Messenger-innboks: «Minus 25kg og 1 uke igjen av «prosjekt Heidi»..hahaha..»

Og kva gjer ho når reisa er over?

– Då må eg halde fram. Men eg skal trappe ned på gåinga. Kanskje.